Gjennomføringsmidlar

Vi lyser ut midlar for å auke gjennomføring av vidaregåande opplæring. Midlane skal gi lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning.

Lærebedrifter kan søkje tilskot for kandidatar i Vestland fylkeskommune inntil det året dei fyller 24 år.

Gjennomføringsmidlane erstattar tidlegare ekstraordinære tilskot frå Utdanningsdirektoratet som frå 1.januar 2020 ligg i ramma til fylkeskommunen.

Det er to typar gjennomføringsmidlar det er mogleg å søkje på:

Langvarige tiltak med søknadsfrist 1. juni og 1 november

Lærebedriftene kan få inntil 75 000 kr per lærling/lærekandidat i gjennomføringsmidlar. Søknaden gjeld for maksimalt eitt år om gangen, inntil 47 veker.

Kortvarige tiltak utan søknadsfrist

Lærebedriftene kan få inntil 50 000 kr i ekstra tilskot for kvar søkar til læreplass som er vanskeleg å formidle på grunn av vesentlege tilretteleggingsbehov (utprøving i bedrifta, inntil 3 mnd.).

Dette gjeld kortvarige tiltak som treng rask saksbehandling og har derfor inga søknadsfrist. Hovudregelen er at det skal ligge føre lærekontrakt før utbetaling av tilskot.

Fylkeskommunen har satt ei ramme for tilskot, dersom tal søknader overstig ramma, kan tildelinga bli lågare.

Kriterium for tildeling:

  • Det skal ha vore gjennomført formalisert dialog med rettleiingstenesta.
  • Tilskotet skal nyttast til ekstra personalressurs for å sikre gjennomføring for lærlingar/lærekandidatar som har behov for tiltak for å nå læreplanmåla.
  • Bedrifta skal ha ein plan for heile læreløpet. Planen skal innehalde konkrete oppfølgingstiltak og informasjon om kvifor lærlingen/lærekandidaten har behov for ekstra tilrettelegging.
  • Bedrifta kan søke midlar for lærlingen/lærekandidaten ut året dei fyller 24 år. .