Sjølv-rapportert oppleving av tvang ved tannbehandling

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland har i samarbeid med Universitetet i Oslo frå 2019–2022 gjennomført ein spørjeundersøking og ein tannhelsejournalgjennomgang som omhandlar barn og ungdommars erfaring med tvang ved tannbehandling. Resultata er presentert i to artiklar publisert i European Archives of Paediatric Dentistry.

Totalt var det 2,9 prosent av 17-åringane og 4,2 prosent av 9-åringane som rapporterte om fysisk tvang ved tannbehandling i Hordaland. Dei som hadde opplevd fysisk tvang hadde signifikant høgare frykt for tannbehandling, lågare tillit til tannlegar, dårlegare oral helse og høgare total tidsbruk i tannhelsetenesta samanlikna med dei som ikkje hadde opplevd fysisk tvang. Tannhelsejournalane hadde svært avgrensa informasjon om tvangsbruk, og det var ingen signifikant samanheng mellom pasient-rapportert opplevd tvang og journalført tvang.

Les artiklane her:

https://link.springer.com/article/10.1007/s40368-022-00724-8

https://link.springer.com/article/10.1007/s40368-022-00710-0

 

Artikkelforfattarar: Regina Skavhellen Aarvik, Edel Jannecke Svendsen og Maren Lillehaug Agdal.