Tannhelsetilbod til 19-24-åringar

Alle som er 19-24 år har rett på 75 prosent rabatt på nødvendig tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. Rabatten gjeld ut det året du fyller 24 år.

Tannhelsetilbod til 19-20-åringar

Alle som er 19-20 år har rett på eit oppsøkande og regelmessig tannhelsetilbod hos tannlege og tannpleiar på offentlege tannklinikkar. Du får innkalling og 75 prosent rabatt på nødvendig tannhelsehjelp på din offentlege tannklinikk. Finn din tannklinikk. Kjeveortopedisk behandling og kosmetisk tannbehandling gir ikkje rabatt.

Tannhelsetilbod til 21-24-åringar

Alle som er 21-24 år har også rett på 75 prosent rabatt på nødvendig tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta, men du må sjølv ta kontakt med din offentlege tannklinikk for å få tilbodet. Finn din tannklinikk. 

Rabatten gjeld ut året du fyller 24 og berre på offentlege tannklinikkar. Nokre tannklinikkar har diverre ikkje god nok kapasitet på noverande tidspunkt til å kunne ta i mot alle 21-24-åringar enda. Tannklinikken vil gi deg informasjon om kapasitet og beskjed dersom du skal kontakte privat behandlar for å få utført undersøking og behandling. Det er viktig at du alltid først tar kontakt med din offentlege tannklinikk slik at tannklinikken får registrert deg og dokumentert at dei har vist deg vidare til privat behandlar. 

Dersom du har gjort avtale med den offentlege tannklinikken din om at du kan gå privat, og dette er registrert i journalen din, kan du få refundert 75 prosent av utgiftene til nødvendig tannbehandling hos privat behandlar. Kjeveortopedisk behandling og kosmetisk tannbehandling gir ikkje rabatt.

Om du er tilvist til privat spesialist, t.d. for fjerning av visdomstenner, så kan du også søke om å få refundert 75 prosent av behandlinga. Dette gjeld dersom spesialisten ikkje allereie har fakturert fylket direkte.  

Du brukar det digitale refusjonsskjema når du skal søke om 75 prosent refusjon for tannhelsetenester utført på privat tannklinikk. Kontonummeret du ønsker å få pengane refundert til må tilhøyre deg for at tilbakeføringa av pengane skal gå igjennom, så hugs å føre opp ditt eige kontonummer og ikkje foreldre eller andre som har lagt ut for deg sine kontonummer. 

Du vil bli bedt om å legge ved spesifisert kvittering på tannbehandlinga. Ei slik kvittering syner godkjent betaling (gjennomført transaksjon) og kva tannbehandling som er utført (spesifisert kvittering). Vi ønsker ikkje kopi av journal.

Vi får inn mange refusjonskrav og saksbehandlingstida kan i periodar vere lang, på opp til 2-3 månadar.