Skulevalet 2023
Her finn du praktisk informasjon om tidspunkt, påmelding, fristar og gjennomføring av skulevalet hausten 2023. Valdatoar er fastsatt til 4. og 5. september.
Føremålet med politisk skuleval er å lære ungdommane om demokratiet. Det er òg eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auke den politiske kompetansen og interessa blant dei unge.
Vi oppdaterer denne sida om årets skuleval jamleg i forkant av og undervegs i valkampen.
Køyreplan for debattar og valtorg ved skulane
Dei politiske ungdomspartia planlegg debattar og valtorg ved alle dei vidaregåande skulane i Vestland.
Tema til debatt
Tema for debatten bør vere bestemt av ungdom (elevar, elevråd, Elevorganisasjonen).
Skulane har meldt inn tema til debatt.
Digitalt kurs for elevar i debattleiing
Skulane melder på to eller tre elevar og ein lærar til deltaking.
Kurset går over to halve dagar:
- 1. juni kl. 09.00–12.00
- 5. juni kl. 12.00–15.00
Vi legg opp til at deltakarane skal jobbe med praktiske oppgåver knytt til kurset. Dette vil føregå 2. juni på skulen.
Påmelding til kurs i debattleiing.
Frist for påmelding er 26. mai 2023.
Ved spørsmål, ta kontakt med Lina Lunde Christiansen.
Undervisningsressursar
- Valgomat: Gå til valgomaten
- Stortinget: Her finn du tekstar, oppgåver, filmar og interaktive ressursar tilpassa elevar i vidaregåande skule
- Sikt (tidlegare NSD) er ansvarleg for gjennomføring av skuleval ved alle ordinære val på oppdrag frå Udir. Les meir om skulevalet på sikt.no
- Utdanningsdirektoratet (Udir): Her finn du informasjon til vidaregåande skular vedrørande gjennomføring av skulevalet 2023.
Røystesetlar
Skulane vil få tilsendt røystesetlar i starten av august.