Slik kan du påverke politisk

Fylkeskommunen er politisk styrt og basert på demokrati.  Men kva betyr det, og korleis kan du påverke politisk?

Du som innbyggjar kan påverke fylkestinget sin politikk og fylkeskommunen si verksemd. Den viktigaste måten du kan påverke på er å bruke røysteretten din, og røyste på dei som skal styre fylkeskommunen. Det er val på fylkesting kvart fjerde år. Siste val var 9. september 2019. Du kan og påverke gjennom innbyggarinitiativ.

Demokratiet fungerer slik at dei partia som har fleirtal på fylkestinget, skal styre fylkeskommunen i den komande fireårsperioden. Ved neste val, er det det nye fleirtalet på fylkestinget som skal styre dei nye fire åra. 

Slik kan du stille til val, eller starte eit parti

Dei som vil stille til val til fylkestinget, må bli nominert på vallista til eit registrert parti. Du kan starte eit nytt parti om du får 500 underskrifter for det. 

Innbyggarforslag

Alle innbyggjarar i Vestland kan fremje forslag som gjeld fylkeskommunen si verksemd.

Det er eit krav om at minst 500 innbyggjarar har skrive under på forslaget. Underskriftene kan vere på papir eller samla inn digitalt. Det må gå fram at underskrivarane bur i Vestland fylke.

Det er òg krav om at forslag med tilsvarande innhald ikkje har vore fremja som innbyggjarforslag tidlegare eller har vore behandla av fylkestinget.

Ta kontakt med politisk@vlfk.no for informasjon om innlevering av forslag med underskrifter.

Du kan seie di meining gjennom høyringar

Nokre politiske saker kjem ut på høyring

På regjeringa.no står det: "Høyring nyttar ein for at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få seie si meining og kunne føre kontroll med kva forvaltninga gjer og korleis ho utfører oppgåvene sine."

Det er ein demokratisk rett for alle å få vere med på å utforme offentleg politikk. Synspunkta for dei som sakene kjem ved, skal verte kjende for dei som skal fatte avgjerder.