Regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn 2023–2035
Fylkesutvalet vedtok planprogrammet til Regional plan for sentrerstruktur og berekraftige lokalsamfunn 19.oktober.
“Høyringsperioden har synt at det er stort engasjement ute i kommunane for dette arbeidet. Fylket vårt inneheld ulike regionar med ulike fortrinn, moglegheiter og utfordringar, og vi må prøve å bidra til utvikling i heile fylket. Korleis skal vi sikra kvalitet i stadane våre, korleis kan vi betre samarbeida i sentrum for å sikre berekraftig arealbruk og kor vi bør plassera ulike tenester for at dei skal vere best mogleg tilgjengeleg for innbyggarane. Dette er nokre av spørsmåla vi skal arbeida med å finna svar på. Born og unge sine vilkår har eit særskilt fokus i planarbeidet”
- Synnøve Stalheim, Seksjonssjef for plan, klima og analyse
Seks plantema
Fylkesutvalet vedtok at regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn skal ha desse seks plantema:
- senterstruktur
- utbyggingsmønster og arealbruk
- lokalisering av arbeidsplassar, tenester og tilbod
- kvalitet i omgjevnadane
- bustadpolitikk
- barn og ungdom – trivsel og tilhøyrsle
Planen skal vere ein langsiktig plan for utvikling av senterstruktur og regionsenter i Vestland. Grunna stort engasjement frå kommunane, og forventingar om å vere godt involvert i planprosessen framover er det vedtatt forlenging av tidsramma for planarbeidet til mars 2024. I juni 2023 skal det leggast fram status for planarbeidet for fylkesutvalet.
Stort engasjement og gode innspel
Planprogrammet var gjennom ein grunding høyringsrunde frå juni til september, og det resulterte i 42 skriftlege innspel. I tillegg kom det gode munnlege tilbakemeldingar i høyringsmøta med kommunane og ungdom og på regionalt planforum.
Vi har fått mange nyttige tilbakemeldingar, som speglar dei samanhengane, synergiane og målkonfliktane måltemaa har. Vidare i planarbeidet vil vi bygge vidare på innspela, og skape god kopling mellom plantema for å oppnå ein heilskapleg plan. Spesielt har transport, mobilitet og kollektiv vorte løfta fram under høyringsprosessen, som tema som vil få fokus i den endelege planen og vere eit av bindeledda mellom plantemaa.
Kva seier utviklingsplanen om planarbeidet
Utviklingsplanen stadfestar behovet for ein ny regional plan for senterstruktur som eit viktig strategisk verktøy for å legge til rette for ei balansert utvikling og helsefremjande lokalsamfunn i heile fylket.
Utviklingsplanen byggjer på berekraftmåla til FN. Han gir ein felles kurs for å samordne, inspirere og mobilisere vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande utvikling. Korleis vi disponerer areala og lokaliserer viktige funksjonar og kvalitetar i dei fysiske omgjevnadene våre, har mykje å seie for trivsel, tryggleik, busetting, verdiskaping, klima og miljø. Lokalsamfunna er berebjelkane i ei berekraftig samfunnsutvikling, og nærmiljø på små og store stader er dei viktigaste arenaene for inkludering og samfunnsdeltaking.
Dette er utgangspunktet for utarbeiding av ein ny regional plan for berekraftig senterstruktur og levande lokalsamfunn, etter plan- og bygningslova.
Overordna føremål for planarbeidet
Vestland fylkeskommune skal utforme ein ny regional plan for berekraftig senterstruktur. Planen skal synleggjere korleis vi i Vestland skal jobbe for å utvikle byane, stadane og lokalsamfunna i eit langsiktig perspektiv, på ein måte som skaper føresetnader for eit godt tenestetilbod, gode bumiljø, næring og å leve gode liv i heile fylket. Planen skal bidra til ei balansert areal- og ressursutnytting og til reduserte klimagassutslepp.
Planen skal
- saman med handlingsprogram vere klar for vedtak i juni 2023
- vere sektorovergripande, på tvers av forvaltningsnivå og godt forankra internt og eksternt
- retning, koordinere offentleg innsats og mobilisere sivilsamfunnet
- syne korleis vi skal arbeide for ei balansert utvikling og levande lokalsamfunn i heile fylket
- bidra til eit berekraftig utbyggingsmønster for å fremje miljøvenleg mobilitet og berekraftig arealbruk. Dette ved å samordne lokalisering av bustader, arbeidsplassar, tenester, service og handel
- utvikle ein berekraftig regional senterstruktur og styrkje regionsenter som motor og drivkraft i omlanda sine, og slik bidra til verdiskaping, konkurransekraft og sterke bu- og arbeidsmarknadar
- bidra til kompetanseutvikling og nye samarbeidsformer innafor berekraftig by- og stadutvikling
Evaluering av gjeldande planar
I samband med oppstart av planarbeidet er det utført ei kartlegging for å få fram erfaringar med dei to eksisterande regionale planane i Vestland. I januar og februar 2022 har Norconsult på oppdrag frå Vestland fylkeskommune gjennomført djupneintervju med elleve kommunar, i tillegg til ei digital spørjeundersøking til alle kommunane i fylket. 32 kommunar svarte på spørjeundersøkinga.
Kunnskapsgrunnlaget synleggjer korleis dei to eksisterande regionale planane har blitt nytta, og bidreg også med innspel til arbeidet med ny regional plan, både når det gjeld prosess og plandokument.