By- og stadutvikling i Vestland

Stort landskap – mellomstore og små stader. Karakteristisk for Vestland er høge fjell, djupe fjordar og levande lokalsamfunn både i innland og langs kysten.

I landskapet ligg styrken til kvar einskilde stad. Alle stader har sin eigen karakter, forma av klima, natur og kultur, historie og miljø. Korleis tek vi omsyn til stadleg særpreg i utforming av bygg og landskap?  

Medverknad, klimatilpassing, kulturarv og mobilitet. Plan- og utviklingsarbeid for den berekraftige, attraktive og trygge staden er ei kompleks og langsiktig oppgåve som krev involvering av mange aktørar. Å definera ei form for urbanitet som passar til staden avheng mellom anna av lokal identitet, landskap, historia og sjølvsagt behova til menneska som lever der. Fylkeskommunen kan bidra som samarbeidspartnar, både som rådgjevar i prosessen og med økonomisk støtte.