Publikum og media får meir innsyn i dei politiske prosessane i Vestland fylkeskommune

No blir det lettare å følgje med på kva innstillingar og forslag politikarane legg fram undervegs i møta i fylkestinget, fylkesutvalet og hovudutvala.

Fylkestinget i Vestlandssalen, avrøysting på storskjermen fremst.
POLITIKK: Fylkeskommunen tek no i bruk ein ny løysing som gjer at presse og publikum får betre innsyn i dei politiske møta. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Digitale møte, strøyming og nett-tv har allereie revolusjonert det politiske livet i fylkeskommunen. No blir også forslaga til vedtak som politikarane kjem med i løpet av møta, tilgjengelege for media og publikum.

Sikrar meir openheit

I eit politisk møte har administrasjonen lagt fram sakene som blir behandla, med tilråding til vedtak. Når politikarane ønskjer å vedta noko anna enn tilrådinga, legg dei fram eit justert eller nytt forslag for resten av møtet, som så tek stilling til om dei støttar det eller ikkje.

Fram til no har ikkje dei som følgjer møta digitalt, hatt skriftleg tilgang til desse forslaga, men det får dei no. Det blir såleis lettare å følgje med på kva politikarane stemmer over, og ikkje minst kva dei vedtek.

Første møte 14. januar

Løysinga blir tilgjengeleg for møta i fylkestinget, fylkesutvalet og dei fire hovudutvala. Første møte ut med ny løysing er møtet i hovudutval for kultur, idrett og inkludering 14. januar.

På denne sida finn du meir praktisk informasjon og lenke til publikums- og presseløysinga.