Slik skal fylkesvegane få lengre levetid
Vestland fylkeskommune tek i bruk ny metode for å betre og forlenge levetida til allereie slitne fylkesvegar.

– I staden for å legge nytt dekke som risikerer å sprekke opp etter berre få år, vil vi jobbe langsiktig og meir berekraftig. No har vi undersøkt og kartlagt vegkvaliteten på fylkesvegnettet, for å sjå kvar det må oppgradering til før det er noko nytte i å legge ny asfalt.
Det seier Pål Frantzen, seksjonsleiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune om det nye forsterkingsprogrammet for fylkesvegnettet.
Sist veke vart det sett av 134 millionar kroner til forsterkingsprogrammet i to nye år, i samband med vedtak av budsjett 2025 og økonomiplan 2025–2028 i fylkestinget.
– Når vi no har litt ekstra midlar, gjer vi alt vi kan for å bruke desse best mogleg for å styrke fylkesvegnettet på sikt. Der vegen har dårleg bereevne ønskjer vi å forsterke vegoverbygning før vi legg ny asfalt. Med djupstabilisering, knusefres og betre drenering får vi ein sterkare og meir stabil vegoverbygning som gir lenger levetid på dekke og heile vegkroppen, seier Frantzen.
Ut frå analysane av fylkesvegnettet vil utvalde vegstrekningar no bli forsterka og oppgraderte. Dette er allereie gjort på delstrekningar på fylkesveg 5160 i Hausdalen i Bergen kommune og på fylkesveg 549 Hollekjevegen i Tysnes kommune.

Gjenbruk, klima, auka levetid og reduserte kostnadar
Kvardagsvegane får lengre levetid, og miljøgevinsten ved arbeidet er stort, også ved gjenbruk av massar.
– Fyrst knuser og blandar vi saman asfalt, pukk og stein i vegoverbygninga som er der, så tilfører vi meir pukk, og bindemiddel om det er behov for det. Vi får då ein meir homogen, sterk og telefri masse i vegen. Då kan vi legge ny asfalt på toppen, forklarar Frantzen.
Ein like viktig del av oppgraderinga er dreneringsarbeidet som vert gjort på vegen for å få bort vatnet.
– Oppgradering av drenering er eit viktig klimatiltak i fylket for å sikre framkomelege vegar under ekstremvêr. Brøyting og drift av vegane vert og lettare når tilstanden på dekke og drenering er god. I sum fører dette til lenger levetid på asfalten og heile vegoverbygninga. Klimagassutslepp ved legging av ny asfalt og kostnadar til drift og vedlikehald i vegen si levetid vert redusert, seier Frantzen.

Vil ta tid, men vi er i gang
Det er mange strekningar i Vestland som vil vere aktuelle for slik forsterking i åra som kjem. Med grunnlag i kartlegginga som er gjort per i dag, har om lag 1100 km fylkesveg i Vestland behov for forsterkingstiltak. Eit grovt overslag viser at det vil koste om lag 4 milliardar kroner å gjennomføre tiltaka. Kor raskt tiltak kan gjerast, er avhengig av kva løyvingar som kjem i åra som kjem.
– Generelt sett er vedlikehaldsetterslepet og oppgraderingsbehovet for fylkesvegnettet svært stort. Det vil ta tid å gjennomføre forsterkingsprogrammet, men det er godt å vere i gang og sjå konkrete resultat, seier Frantzen.