Set i gang arbeidet med framtidig tilbodsstruktur for skulane

Vestland fylkeskommune skal lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring i Vestland.

PC og lærebøker
OPPLÆRING: Fylkestinget skal etter planen handsame den nye planen for tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring i oktober i år. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Det vedtok fylkesutvalet i møtet 4. januar. Den nye planen skal vise ulike alternativ for tilbodsstrukturen i Vestland.

– Vidaregåande opplæring er noko av det viktigaste vi som fylkeskommune har ansvar for. Og dei over 20 000 elevane er nokre av dei viktigaste vi leverer tenester til. Difor skal vi ha eit så godt tilbod som mogleg, og ein så god struktur på tilbodet som mogleg. No set vi i gang ein grundig prosess, som skal resultere i ein god og heilskapleg plan. Vi skal vidareføre ein desentralisert skulestruktur, og vi skal sikre eit både pedagogiske og godt tilbod til alle elevar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Prinsipp for tilbodsstrukturen

Fylkesutvalet vedtok føringar for arbeidet som no blir sett i gang, i form av ei rekke prinsipp som strukturen skal byggje på. Tilbodsstrukturen i Vestland skal

  • vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde
  • ha eit tilbod om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programområde
  • sikre eit så likeverdig og breitt tilbod som mogleg ved å nytte nettundervisning som eit supplement til det integrerte og ordinære tilbodet for alle elevar. Nettundervisning skal i mest mogleg grad vere eit supplement til ordinær undervisning
  • sikre at tilboda i størst mogleg grad er komplementære mellom skulane i elevane sitt bu- og leveområde, dette omfattar eit auka samarbeid mellom skulane for å styrke tilbodet til elevane
  • samle fagtilboda der det er føremålstenleg, slik at ein sikrar sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr. Dette vil gjelde i større grad der det er små reiseavstandar mellom skulane og tilboda
  • nytte eksisterande bygningsmasse på ein effektiv måte, bygge og rehabilitere for eit fleksibelt bruk
  • i størst mogleg grad dimensjonerast etter arbeidslivet sitt behov for kompetanse både no og i framtida. På yrkesfag må det vere samsvar mellom behovet i arbeidslivet, tal på elevar i skulen og tal på tilgjengelege læreplassar
  • ta omsyn til forventa elevtalsutvikling i dei ulike delane av fylket
  • sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ein ufrivillig lang reiseveg
  • fremje inkludering og mangfald blant elevane ved skulane
  • sikre eit pedagogisk og sosialt godt tilbod til alle elevar
  • vere økonomisk berekraftig og sikre ei fleksibel løysing for framtida

Høyring no i vår

Vestland fylkeskommune har leigd inn Norconsult for å kartleggje kapasiteten ved dei vidaregåande skulane i fylket. Dette arbeidet skal vere eitt av grunnlagsmateriala for planarbeidet.

Fylkeskommunen planlegg offentleg høyring av kunnskapsgrunnlaget for den nye planen for tilbodsstrukturen våren 2024. Då får kommunar, næringsliv, statlege styresmakter, private og andre høve til å seie meininga si og kome med innspel. Dei vidaregåande skulane i Vestland får kome med innspel til arbeidet i forkant av høyringa.

Behov for ny plan

Eksisterande planverk i Vestland fylkeskommune byggjer på skulebruksplanar frå Hordaland (vedteken i 2017) og Sogn og Fjordane (vedteken i 2013).

– I tillegg til at vi har fått eit nytt fylke, har vi også demografiske, samfunnsmessige og teknologiske endringar som gjer det naudsynt at vi får på plass ein heilskapleg plan for tilbodsstrukturen i fylket, seier fylkesordføraren.

Det er lagt opp til at fylkestinget skal handsame den nye planen i oktober 2024.