Hovudutvalet justerte opplæringstilbodet for neste skuleår
Hovudutval for opplæring og kompetanse har justert opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulene for skuleåret 2023/24.

Hovudutvalet justerer det utlyste opplæringstilbodet kvar vår, etter at dei faktiske søknadstala er klare 1. mars. Det var eit samla hovudutval som vedtok årets justeringar 25. april.
Ingen tilbod blir lagde ned
– Dette er ei av dei viktigaste sakene vi har gjennom året, og det engasjerar mange. Vi er veldig bevisste på ansvaret vårt og på det å sørgje for at vi treff med opplæringstilbodet. Vi er opptekne av at flest mogleg av søkjarane kjem inn på førstevalet sitt, og at vi samtidig byggjer opp under behova som arbeids- og næringslivet har. Her har heile utvalet og alle politiske parti gjort ein solid jobb. Vi strekkjer oss langt for at alle skal få gå på det dei vil, men vi vil aldri greie å gjere alle til lags, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Utvalet understrekar i vedtaket at tilbod som ikkje blir sette i gang i år, ikkje er nedlagde. Dei skal vurderast att når opplæringstilbodet for skuleåret 2024/25 skal vedtakast.
Prioriterer landbruket
Hovudutvalet vedtok å opprette ei halv klasse på vg3 landbruk ved Førde vgs. og slår fast at landbruket er ein særs viktig del av næringslivet i fylket.
– Vi meiner det er viktig at utdanningstilbodet i fylket sikrar landbruket rett kompetanse både no og framover. Det er avgjerande at dei vidaregåande skulane, landbruket og fylkeskommunen saman klarer å sikre stabile søkjartal til landbruksutdanningane framover. Difor legg vi inn denne halve klassen i Førde, seier Torvanger.
Justerte framlegget frå administrasjonen
Hovudutvalet vedtok justeringane som står i saksframlegget frå administrasjonen(pdf) med slike endringar:
Stryn vgs.
+ 1 klasse vg1 studiespesialisering
+ 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag
– 1 klasse vg1 sal, service og reiseliv
– 1 klasse vg2 sal og reiseliv
Sogndal vgs.
+ 1 klasse vg1 studiespesialisering
– 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag
Os vgs.
+ 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag
Førde vgs.
+ 0,5 klasse vg3 landbruk
Fyllingsdalen vgs.
– 1 klasse vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Askøy vgs.
+ 1 klasse vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Sandsli vgs.
– 1 klasse vg2 studiespesialiserande realfag