Forsterka samarbeid om samferdsel og næring
– Vestlandsrådet skal forsterke interessene til dei tre fylka på Vestlandet, seier fylkesordførar Jon Askeland. Vestlandsrådet var 11. april samla i Bergen for å diskutere samferdsels- og næringssaker.

I Vestlandsrådet er dei tre fylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland med. Kvart fylke har seks medlemmer: fylkesordførar, fylkesvaraordførar og fire frå fylkesutvalet. Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang mellom dei tre fylka. I 2023 har Vestland denne rolla, og fylkesordførar Jon Askeland er leiar.
Fornya samarbeid
Askeland seier Vestlandsrådet er blitt fornya etter regionsreforma der Sogn og Fjordane og Hordaland vart slegne saman.
– Vestlandsrådet har i mange år vore eit viktig organ for samarbeid på Vestlandet. Men no er det blitt endå viktigare. Det er restarta og blitt eit strategisk organ som har to hovudtema: Næringspolitikk og samferdselspolitikk for landsdelen.

Gjennomgang av mandatet
Askeland seier at i denne valperioden har dei hatt ein gjennomgang av oppgåvene til Vestlandsrådet.
– Vi har rydda og klargjort mandatet og set fokus på dei to hovudtema, næring og samferdsel. I Vestlandsrådet skal vi ta opp det som er felles for våre tre fylkeskommunar. Fylkestinga i dei tre fylka skal framleis vere suverene, men Vestlandsrådet skal forsterke interessene våre. Det blir veldig spennande vidare, seier Askeland.
God rolleavklaring
På møtet i det nye Vestlandshuset i Bergen kom fleire innleiarar med innspel til det framtidige samarbeidet i Vestlandsrådet.
– Vi brukar halve dagen til gode innleiingar som gjer oss i stand til å sjå det større biletet som grunnlag for vedtak i Vestland og dei to andre fylka. Rektor Øystein Thøgersen ved Norges Handelshøyskole snakka om rolleavklaring. Skal vi få til godt samarbeid på Vestlandet, må vi ha god rolleavklaring, understrekar Jon Askeland.
Rektor Thøgersen snakka og om perspektiv på nasjonale og regionale rammevilkår for Vestlandet som omstillings- og vekstregion.
Storbyar i posisjon
Næringssjef Mette Fossan i Rogaland innleia om næringsstrategien til Vestlandsrådet. Storbyane på Vestlandet prøver no å kome i posisjon: Stavanger vil bli energihovudstaden, Bergen havbyen og Ålesund teknologihovudstaden. Det er og i gang eit samarbeid om å etablere ei superklynge for å auke eksporten.
Andre innlegg var om Innovasjon Norge som leverandør av verkemiddel, og Vestlandsrådet som samarbeidspartner for omstilling og vekst på Vestlandet. Siste innlegg var om Nasjonal Transportplan (NTP) 2025 – 2036 og prioriteringane til Statens vegvesen på Vestlandet.