Ung kultur møttest igjen

Etter to år med digital fylkesfestival, kunne over 250 ungdommar frå 13 til 20 år endeleg møtast og delta på den første ikkje-digitale UKM Vestland fylkesfestival.

samlebilde av UKM-deltakarane på fylkesfestivalen i Måløy
ENDELEG: Det var planlagt UKM fylkesfestival i Måløy og på Voss både i 2020 og i 2021, men koronapandemien gjorde at det i staden vart digital festival. Difor var det ekstra gledeleg at ungdommar frå heile fylket igjen kunne møtast og dele kulturuttrykk. Bildet syner deltakarane i Måløy. (Foto: Emmerense Kjerstad/Vestland fylkeskommune)

UKM står for ung kultur møtest, og årets festival gjekk føre seg to stadar samtidig. Ungdommar frå Hordaland møttest i Voss kulturhus, medan ungdommar frå Sogn og Fjordane møttest i Nordfjordhallen i Måløy. Men med lærdom frå to år med digital fylkesfestival, var det digitale løysingar også i år.

Felles UKM Vestland-identitet

– Sjølv om det var to fysiske festivalar, så ønska vi å knyte dei saman og skape ein felles UKM Vestland-identitet. Det er viktig å ta med seg erfaringar frå dei to siste «unntaksåra» og slik forme og løfte festivalen inn i framtida, seier Simen Lagesen Krogstie, som er ansvarleg for UKM i Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå og for gjennomføringa av UKM-festivalen for Vestland.

foto av videoproduksjonen under UKM
DIGITAL: To år med digital fylkesfestival har gitt mykje ny kunnskap, som det er viktig å ta med seg vidare. Strøyminga av innslaga frå Måløy til Voss og omvendt gjorde at deltakarane fekk med seg kva som gjekk føre seg begge stadar. (Foto: Simen Lagesen Krogstie/Vestland fylkeskommune)

Fellesskapskjensla vart skapt ved at det var videoproduksjonar både på Voss og i Måløy. Slik vart førestillingane strøyma frå den eine staden til den andre, i tillegg til at det vart sendt i UKM-TV.

Meir enn scenekunst

Scenekunst er ein stor del av UKM, og ungdom deltek med det sceneuttrykket dei ønskjer. Det er dans og musikk i ulike former, både soloopptredenar og i grupper. Det er blåseinstrument, strengar, rockeband, instrumental og a cappella. Men UKM er ikkje noko konkurranse, og det er mykje meir enn dans og musikk. Unge arrangørar er også ein viktig del av UKM. Det er ungdommane sjølve som er blant anna sceneansvarlege, dei er konferansierar, sekretariat og jobbar opp mot media.

I år arrangerte dei to lokale produsentane for festivalane – Hending i Måløy og Bergen Live på Voss – ei rekke spennande workshops. Ungdommane hadde tilbod om workshops i blant anna sosiale medium, omsying og gatekunst.

foto av nokon som syr på symaskin
SY OM: I tillegg til sceneinnslag og kunstutstilling, er også workshopane ein viktig del av UKM. Her kan ungdomane saman få prøve seg på nye ting. Eitt av temaa i år var omsying. (Foto: Emmerense Kjerstad/Vestland fylkeskommune)

Gratis inngang for dei under 20

Endå ein dimensjon av UKM er kunstutstillinga. Her får ungdommane høve til å syne fram kunstverk av ulike slag, teikningar, måleri, akvarellar og teikneseriar av ulike teknikkar, materialar, formar og fargar. Det var også stilt ut skulpturar og anna handarbeid.

foto frå kunstutstilling under UKM
UTSTILLING: Kunstutstillinga utgjer ein stor del av UKM. Der kan både deltakarane og publikum sjå nærare på alle dei ulike kunstuttrykka. (Foto: Emmerense Kjerstad/Vestland fylkeskommune)

Heile helga kunne både ungdommane som deltok, og alle andre som ønskte, få med seg både kunstutstillinga og dei ulike sceneinnslaga. Det var gratis inngang for alle under 20 år både på Voss og i Måløy.

– Tanken var at ved å gje gratis inngang til denne gruppa, kunne vi bryte barrierar og jobbe for inkludering. Vi ønskjer at UKM skal vere ein open og inkluderande arena med eit stort mangfald av ungdommar. UKM handlar mest av alt om å vere saman og dele uttrykka sine med andre, seier Krogstie.

foto av publikum under UKM
PUBLIKUM: Både Voss kulturhus og Nordfjordhallen var open for publikum gjennom heile UKM-helga, og mange tok turen innom for å få med seg både sceneinnslaga og kunstutstillinga. (Foto: Emmerense Kjerstad/Vestland fylkeskommune)

Mangfald, kreativitet og entusiasme

Sjølv om det viktigaste med UKM er mangfald, kreativitet, entusiasme og å møtast for å dele kulturelle uttrykk, vert også nokre av deltakarane sende vidare til den nasjonale UKM-festivalen. Årets festival vert i Kimen kulturhus i Stjørdal 24.–28. juni.

Fagpanela som var i sving på Voss og i Måløy la særleg vekt på breidde, nyskaping og innslag som byggjer på ein original idé då dei valde ut kven som skal representere Vestland i Stjørdal. Dei vurderte også originalitet, tolking og formidling, i tillegg til kommunikasjon, formidlingsevne og mot til å gå nye vegar.

Deltakarane som blir vidaresende til den nasjonale festivalen må vere mellom 15 og 20 år, då det krevst at dei er meir sjølvstendig og får meir ansvar enn under fylkesfestivalen.