Fylkeskommunen startar skuletilbod for ungdom frå Ukraina

– Vi ønskjer å hjelpe flyktningane, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal. Måndag 28. mars startar fylkeskommunen eit skuletilbod for ungdom frå Ukraina i alder for vidaregåande opplæring.

Tertnes vidaregåande skule utandørs, viser bygningen. Foto.
SKULETILBOD: På Tertnes vidaregåande skule skal ungdommane frå Ukraina få skuletilbod. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dette tilbodet blir på Tertnes vidaregåande skule.

– I første omgang blir ikkje dette ein formell skuleplass, men eit innførande tilbod med fagleg innhald som på ein vidaregåande skule. Vi lagar til eit introduksjonsopplegg med sosiale aktivitetar og ein startsamtale om å bli kjent med skulen. Ungdommane skal få innføring i norsk, samfunnskunnskap, engelsk, matematikk, kroppsøving og fysisk aktivitet, seier Bjørn Lyngedal, som er avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Inntil 30 ungdommar

Kven som er aktuell for tilbodet, får fylkeskommunen oversikt over frå mottaksorganisasjonen HERO.

– Vi byrjar med inntil 30 ungdommar. Vi skal gje dei eit så godt tilbod som mogeleg. Dei skal få datamaskin tilgjengeleg, og det blir servert ein enkel lunsj på skulen. Ut frå erfaringane vi gjer, skal vi justere og vurdere tilbodet fortløpande. Det er viktig å bli kjent med dei nye ungdommane og leggje til rette for både læring og inkludering.

Skal kartlegge kapasitet og behov

Skuledagen blir frå klokka 09.30 til kl. 14.00.

– I første omgang etablerer vi tilbodet på Tertnes vidaregåande skule, mens vi kartlegg vidare kapasitet og behov for tilbod ved ulike vidaregåande skular i Vestland. Rektorane er bedne om å gjere vurdering av kapasiteten ved eigen skule. Etterkvart som vi lærer om behova, får vi betre grunnlag for korleis vi innrettar tilbodet. Det er stor vilje til å vere med og hjelpe og gjere ein innsats for å ta godt imot og leggje til rette best mogleg for ungdommane frå Ukraina no i den første fasen. Kva tilbod vi skal gje til dei ukrainske ungdommane til hausten, må vi vurdere litt lenger fram i tid, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal.

Informasjon på ukrainsk

українською (in Ukrainian).