Ny og framtidsretta vidaregåande skule på Stord

– Vi får ein ny og framtidsretta skule med flott plassering på Vabakkjen, seier fagansvarleg Merete Hauge i Vestland fylkeskommune etter at entreprenørfirma Consto har vunne konkurransen om å bygge nye Stord vidaregåande skule.

PÅ VABAKKJEN: Den nye skulen på 11 000 kvadratmeter skal byggast på Vabakkjen (foto: Consto)
PÅ VABAKKJEN: Den nye skulen på 11 000 kvadratmeter skal byggast på Vabakkjen (foto: Consto)

Byggestart er planlagt til januar 2023. Opning blir til skulestart i august 2025. Kontrakten er på ca. 300 millionar kroner. Den nye skulen blir på 11 000 kvadratmeter. 

– Vi hadde fem tilbydarar i konkurransen. Consto er best både på pris og design. Dei har svart svært godt på arkitektonisk utforming. Vi får synleggjort yrkesfaga på ein svært god måte. Skulen blir veldig kompakt med atrium og godt med dagslys. Utanomhus har vi òg fått ei svært god løysing, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad. 

Inngangspartiet på den nye skulen med resepsjon og vrimleareal. (foto: Consto)
Inngangspartiet på den nye skulen med resepsjon og vrimleareal. (foto: Consto)

Samanlåing 

Consto har, saman med Link arkitektur, vunne pris- og desigkonkurransen for bygging av den nye skulen. Dei har kalla prosjektet «Joine». Stord vgs, som i dag er lokalisert på to stader, Vabakkjen og Saghaugen, vil på sikt kunne slåast saman til éin skule på Vabakkjen. Første byggetrinn omfattar areal for yrkesfaglege utdanningsprogram og vaksenopplæring. I tillegg er tilbydarane bedne om å gje innspel til 2. byggetrinn som omfattar samlokalisering med studiespesialiserande utdanningsprogram som er på Saghaugen i dag.

Kontrakten, på 300 millionar kroner, omfattar første byggetrinn. Når bygginga startar i januar 2023, skal elevar og tilsette på Vabakkjen flytte i leigde lokale på Heiane. Den noverande skulen vil bli riven og ein heilt ny skule skal reise seg.

Midt i skulen blir det eit ope rom med planter og sitjeplassar. (foto: Consto)
Midt i skulen blir det eit ope rom med planter og sitjeplassar. (foto: Consto)

To etasjar 

– Den nye skulen vil legge seg vakkert og samlande på det eksisterande skuleplatået på Vabakkjen. Skulen vil gli fint inn mot omkringliggande terreng og busetnad. Materialbruken er god, og volumet på den nye skulen blir fint dempa og forma. Vi følgjer opp ønskje om ein låg skule. Den blir på to etasjar, seier fagansvarleg Merete Hauge.

Ein tredje etasje på skulen vil først kome i 2. byggetrinn. Då vil arealet auke frå 11 000 til 18 000 kvadratmeter.

Atriumet inne går ut til den opne skuleplassen. (foto: Consto)
Atriumet inne går ut til den opne skuleplassen. (foto: Consto)

Malmfuru og grønt tak

Skulen blir bygt i tre med fasadar i malmfuru og karbonatisert tre. Taket blir tekt med grøne planter. Skulen vil få ein ny universelt tilgjengeleg gangveg til idrettsanlegga på Vikahaugane over fylkesvegen. 

– Vi skal leige idrettshall av kommunen. Det bidrar til å utnytte offentlege ressursar på ein god måte, seier Hauge. 

Vrimleområde, kantine og bibliotek er plassert ut mot ein open plass midt i skulen. Dette blir eit indre gårdsrom med trær og plantar som gjev lys til romma i skulen. Her kan elevane opphalde seg i fint ver. 

Den nye skulen sett frå fylkesvegen. (foto: Consto)
Den nye skulen sett frå fylkesvegen. (foto: Consto)

Likeverd

– Vi har klart å lage ein skule som bidrar til samarbeid mellom elevane. Undervisningsareala blir organisert på ein fin og likeverdig måte inn mot fellesareala. Vi følgjer veldig godt opp visjonen til fylkeskommunen med å vere nyskapande og berekraftig, seier Hauge. 

Skulen vil romme studieretningar innan teknologi- og industrifag (TIF), bygg- og anleggsteknikk, elektro, sal, service og reiseliv og teorirom for informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæring, tilrettelagt opplæring, elevtenestene og rettleiingstenesta vil bli samla på Vabakkjen.

Slik blir skulen etter byggetrinn 2 med 18 000 kvadratmeter. Den får då ein tredje etasje. (foto: Consto)
Slik blir skulen etter byggetrinn 2 med 18 000 kvadratmeter. Den får då ein tredje etasje. (foto: Consto)

Samspelfase

– Vi skal no gå inn i ein samspelfase fram til sommaren der alle brukargrupper på skulen, entreprenør, arkitektar, rådgjevingsgruppe og tilsette på opplæring og kompetanse og eigedomsseksjonen skal vere med. I denne samspelfasen vil vi arbeide med å optimalisere og forbetre vinnarprosjektet, seier fagansvarleg Merete Hauge.

Neste haust skal fylkestinget ta endeleg stilling til bygginga.