Første underjordiske haldeplass på Vestlandet

– Det er kjempespennande å jobbe her, seier Kjetil Kolle Solheim. Han er kontraktsbyggeleiar for den første underjordiske haldeplassen på Vestlandet, 30 meter under bakken, ved Haukeland universitetssjukehus.

OVERVELDA: – Folk er overvelda over kompleksiteten og kor stort det blir her, seier kontraktsbyggeleiar Kjetil Kolle Solheim. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
OVERVELDA: – Folk er overvelda over kompleksiteten og kor stort det blir her, seier kontraktsbyggeleiar Kjetil Kolle Solheim. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

– Eg har jobba her i fire år. I min bransje finst det ikkje ein meir interessant arbeidsplass. Vi har vore på synfaring i Oslo for å sjå på korleis dei har løyst slike utfordringar og fått erfaring derfrå. Det er og planlagt ein underjordisk haldeplass i Sandviken.

Slik skal den 580 kvadratmeter store plattformen sjå ut. Bybanen skal passere på sider. (foto: Sweco/3RW)
Slik skal den 580 kvadratmeter store plattformen sjå ut. Bybanen skal passere på sider. (foto: Sweco/3RW)

Opning årsskiftet 2022/23

Byggeleiaren jobba og med Bybanen til Bergen lufthamn og skal jobbe med haldeplassen på Haukeland til opninga ved årsskiftet 2022/23.

– Haldeplassen her er noko av det siste som vil bli ferdig til opninga. Vi har hatt mange interesserte på synfaring her. Dei er overvelda over kompleksiteten og kor stort det blir.

Den underjordiske haldeplassen ligg 30 meter under jorda. På kvar side skal Bybanen gå. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Den underjordiske haldeplassen ligg 30 meter under jorda. På kvar side skal Bybanen gå. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Godt samarbeid med naboane

Kjetil Kolle Solheim fortel at bygginga har gått greit.

– Vi har tatt omsyn til naboane her under bygginga og har hatt eit godt samarbeid med Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sykehus. Det er 15 000 personar som jobbar i området her og dette er ønska av alle, seier kontraktsbyggeleiar Kjetil Kolle Solheim som har 55 fagarbeidarar på jobb pluss 15 på kontoret til Veidekke som har byggekontrakten. Elektrofirmaet GK har kontrakten på det tekniske.

Mange interesserte har vore på synfaring på den nye underjordiske haldeplassen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Mange interesserte har vore på synfaring på den nye underjordiske haldeplassen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Enorm

Den underjordiske haldeplassen for Bybanen mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum blir enorm. Berre plattformen blir på 580 kvadratmeter. Den blir 48 meter lang og 12 meter brei. På kvar side skal Bybanen gå i kvar sin retning. For at dei reisande skal kome seg trygt opp og ned dei 30 høgdemetrane blir det installert, trapper, heis og rulletrapper. Totalt 11 rulletrapper skal haldeplassen ha. Dei to første er nettopp komne fram.

Den første av 11 rulletrapper blir heist på plass. Den er 25 meter lang. (foto: Bybanen utbygging)
Den første av 11 rulletrapper blir heist på plass. Den er 25 meter lang. (foto: Bybanen utbygging)

Universell

Haldeplassen blir universelt utforma med trinnfri adkomst, sitjebenker, fargebruk, leielinjer og sanntidsinformasjon. Det blir oppgang på begge sider av plattformen. I tillegg går det ein 110 meter lang tunnel til oppgang ved Haraldsplass. Den skal og fungere som evakueringstunnel.

Frå Haraldsplass til haldeplassen går det ein 110 meter lang tunnel, som og skal fungere som rømmingsveg. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Frå Haraldsplass til haldeplassen går det ein 110 meter lang tunnel, som og skal fungere som rømmingsveg. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

1200 meter lang

Haldeplassen ligg i den 1200 meter lange Årstadtunnelen mellom Fløen og Kronstad. Sjølve haldeplassen koster 650 millionar kroner å bygge. I tillegg kjem kostnaden med sjølve bybanetunnelen.

Det går trapper og heisar til den underjordiske haldeplassen på Haukeland. (foto: Sweco/3RW)
Det går trapper og heisar til den underjordiske haldeplassen på Haukeland. (foto: Sweco/3RW)

Kort veg til by’n og Fyllingsdalen

7000 reisande skal dagleg bruke Bybanen frå denne haldeplassen. Dei kjem til Kaigaten på åtte minutt og 11 minutt til Fyllingsdalen. På Kronstad kan dei reisande skifte til linje 1 Bergen-sentrum-Bergen lufthamn. På Kristianborg blir det overgang mellom buss og bane.

Her er ein av inngangane til den nye underjordiske haldeplassen på Haukeland. (foto: Sweco/3RW)
Her er ein av inngangane til den nye underjordiske haldeplassen på Haukeland. (foto: Sweco/3RW)