Vart beste ungdomsbedrift med eigendesigna krok

På Kroken UB frå Stryn vidaregåande skule vart beste ungdomsbedrift i fylkesmeisterskapen for ungdoms- og studentbedrifter 18. mars. Beste studentbedrift vart Placåbo SB, som har eit langsiktig mål om å leve av å selje mikrohus.

Foto av dei fire jentene i På Kroken UB
PÅ KROKEN: Ungdomsbedrifta På Kroken UB får ros for å vere innovative og ha potensial for verdiskaping. Konseptet deira er ein krok for oppheng av sekkar og vesker.

Koronaviruset gjorde at ungdomsmessa som skulle vere i Førde vart avlyst, og sjølve konkurransane vart haldne digitalt. Nokre måtte avlysast, men mesteparten vart gjennomført knirkefritt, og Ungt Entreprenørskap melder om gode tilbakemeldingar frå lærarane.

Meisterskapen var for ungdoms- og studentbedrifter i tidlegare Sogn og Fjordane. Konkurransen for Hordaland vart halden i Bergen tidlegare i mars.

Gode i alle ledd

Beste ungdomsbedrift vart På Kroken UB, som har utvikla ein eigendesigna krok for oppheng av sekkar og vesker. Kroken fremjar HMS, og gjer det også lettare å vaske.

– På Kroken UB er gode i alle ledd. Dei har vist at dei er innovative ved at dei står for designet sjølve, og produktet deira har absolutt verdiskapingspotensial, noko dei også peikar på i presentasjonen sin. På Kroken UB framstår som ei solid bedrift og dei har god orden i økonomi og rekneskap.  Bedrifta er også med å ivareta berekraftsperspektivet i ungdomsbedrifter – noko alle skal gjere i 2020, seier Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap Vestland.

På andreplass i klassen beste ungdomsbedrift kom Ntep UB frå Årdal vidaregåande skule med konseptet «klakkstaven» – eit måleinstrument for smelteomnar på Hydro.

Foto av ungdomsbedrifta Ntep UB
NTEP UB: Ungdomsbedrifta frå Årdal har utvikla eit måleinstrument for smelteomnar på Hydro.

Studentbedrift vil selje mikrohus

Beste studentbedrift vart Placåbo SB og kjem frå Høgskulen på Vestlandet. Dei lagar eigenproduserte teikningar til mikrohus og har som mål å lage og selje mikrohus på sikt. Bedrifta vil gjere dette til levebrødet sitt i framtida og har allereie fått inkubatorplass ved Peak Sunnfjord i Førde, der dei jobbar tett mot verkemiddelapparatet.

– Placåbo SB går inn i ein relativt ny marknad i Norden, og potensialet er difor stort. Dei har jobba godt med utvikling av ideen sin, og juryen er imponerte over konseptet, som verkar særs godt gjennomtenkt og dokumentert. Dei speglar ei realistisk vurdering av korleis bedrifta kan utvikle seg vidare, seier Husabø.

Foto av studentbedrifta Placåbo SB
PLACÅBO SB: Dei to karane i Placåbo SB har allereie fått inkubatorplass ved Peak Sunnfjord i Førde.

Oppretta ny pris

Prisane på fylkesmeisterskapen fordelte seg geografisk over heile Sogn og Fjordane, og det vart også oppretta ein heilt ny pris undervegs i arrangementet – beste salsbedrift. Salsprisen gjekk til CloseFetch UB frå Flora vidaregåande skule, som utmerka seg svært godt innanfor sal og salsteknikk.

Foto av ungdomsbedrifta CloseFetch UB
CLOSEFETCH UB: Jentene i CloseFetch UB gjorde ein så god innsats i konkurransen at dei fekk oppretta ein heilt ny pris – beste salsbedrift.

SognaTech UB frå Sogndal vidaregåande skule vann prisen for beste samarbeid med næringslivet, ein pris som også er ny av året. SognaTech UB har eit utstrekt samarbeid med Ntep UB, og dei to ungdomsbedriftene fekk saman den viktige berekraftprisen. Tilsvarande pris for studentbedrifter gjekk til Sognagrepet SB frå Høgskulen på Vestlandet.

United World College i Flekke utmerka seg ved å vinne to prisar. LEAF UB vart beste sosiale entreprenør, og  Hector’s Foundation UB fekk andreplassen i klassen beste marknadsføringstiltak.