Tilskot samarbeidsavtalar

Hovudutval for næring vedtok 30. mai to nye ordningar for samarbeidsavtaler for innovasjon og næringsutvikling

Hovudutval for næring vedtok 30. mai at Vestland fylkeskommune framleis skal ha samarbeidsavtaler med eksterne aktørar som del av oppfølging og gjennomføring av Berekraftig verdiskaping – regional plan for næringsutvikling 2021–2033.

Vestland fylkeskommune har sidan 2020 hatt samarbeidsavtaler for innovasjon og næringsutvikling. Desse varar til utgangen av 2023 og alle aktørar må førebu seg på å søke på nytt. 

Hovudutvalet har vedteke å opprette to ordningar:

  • ei søkbar ordning for tilleggsfinansiering av næringshagar og inkubatorar som er tatt opp i Siva sine nasjonale program
  • ei søkbar ordning for andre aktørar innan innovasjon- og næringsutvikling

Dei to ordningane vil strekke seg over perioden 2024–2029 og vere delt inn i to avtaleperiodar à tre år.

Ordningane vil truleg bli lyst tidleg i september og søknadsfrist tidleg i oktober. Tildeling vil skje etter politisk handsaming i november med atterhald om fylkeskommunen sitt budsjettvedtak.

Denne sida blir oppdatert når ny informasjon er tilgjengeleg