LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar. Søk tilskot innan 25. oktober

I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har «nedanfrå og opp» som grunnhaldning. Føremålet er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.
 
Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.

Vi tilbyr

  • Nettverk 
  • Nyttige kurs 
  • Rettleiing 
  • Innsikt i prosjektmetodar 
  • Økonomisk tilskot 

 LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 50 000. LivOGLyst-hovudsprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 300 000 fordelt over tre år.  

For hovudprosjekt skal også den aktuelle kommunen bidra med finansiell stønad til prosjektet, kr 90 000 fordelt over ein treårig periode. 

Aktuelle søkjarar

  • Lag og foreiningar 

Nedanifrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i lokalsamfunnet med lag eller foreining som eigar og leiar av prosjektet.  

Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad. 

Vilkår for tildeling

  • Krav om kommunal deltaking. Støtteerklæring frå kommunen leverast som vedlegg til søknaden. Det skal bli utpeika en kontaktperson frå kommunen. For LivOGLyst-hovudsprosjekt skal kommunen medverke med minst kr 30 000 årleg til prosjektet. 
  • Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet. 
  • Rapportering. 

Mobilisering med LivOGLyst

Brei mobilisering av innbyggjarar, næringsliv, lag og foreiningar er ein viktig del av LivOGLyst-programmet. Filmen "Mobilisering med LivOGLyst" viser døme og erfaringar frå ulike LivOGLyst-prosjekt som har arbeidd med mobilisering.

Sjå filmen her.

 

 

 

Årstal (opptak)

Prosjekt  (1-årige og 3-årige,  assosierte ikkje medrekna)

Kommune

2008

Hålandsdalen

Fusa

2008

Kårbø

Meland

2008

Jondal

Jondal

2008

Espevær 365

Bømlo

2008

Fyksesund

Kvam

2008

Hosanger

Osterøy

2008

Åkra

Kvinnherad

2008

Samnanger

Samnanger

2009

Storebø

Austevoll

2009

Samnanger

Samnanger

2009

Storebø

Austevoll

2009

Bergen-wrap (damsgårdsundet)

Bergen

2009

Røldal

Odda

2010

Espevær

Bømlo

2010

Røldal

Odda

2010

Lonevågen

Osterøy

2010

Fjelberg

Kvinnherad

2010

Eidfjord

Eidfjord

2010

Dynamiske Mosterhavn

Bømlo

2010

Risnes

Radøy

2011

Glesvær

Sund

2011

Strusshamn

Askøy

2011

Lonevågen

Osterøy

2011

Knarvik

Lindås

2011

Springflo Fjell

Fjell

2011

Indre Masfjorden

Masfjorden

2012

Mosterhavn

Bømlo

2012

Jordalen

Voss

2013

Unneland

Bergen

2013

Risneskrinsen

Radøy

2013

Hedleberget

Voss

2013

Ask

Askøy

2013

Litlabø

Stord

2013

Fonnesvågen

Austrheim

2013

Hellesøy

Øygarden

2014

Hellesøy

Øygarden

2014

Litlabø

Stord

2014

Fonnesvågen

Austrheim

2015

Strandstaden Sunde

Kvinnherad

2015

FemFemti

Odda, Ullensvang

2016

FemFemti

Odda, Ullensvang

2016

Nytt liv i hamna

Fedje

2016

Lindåsbygda

Lindås

2016

Strandstaden Sunde

Kvinnherad

2016

Odda

Odda

2016

Eit lite stykke Hardanger

Ullensvang, Eidfjord

2016

Fotlandsvåg

Osterøy

2017

iModalen

Modalen

2017

Kulturbygda Valestrand

Sveio

2017

Herand i omstilling

Jondal

2017

Dugnad for Dale

Vaksdal

2017

Møhlenpris

Bergen

2018

Vindenes

Fjell

2018

Hjelmås

Lindås

2018

Sydneshalvøen

Bergen

2018

Valestrand

Sveio

2018

Langevåg

Bømlo

2018

Fotlandsvåg

Osterøy

2018

Dale

Vaksdal

2019

Berekraftig bygdeutvikling på Langevåg

Bømlo

2019

LivOGLyst Hjelmås

Lindås

2019

LivOGLyst Dåfjord

Fitjar

2019

LivOGLyst i Øystese

Kvam

2019

LivOGLyst Forland

Sund

2019

Hetlevik på snei

Askøy

2019

LivOGLyst Stamnes

Vaksdal

2020

LivOGLyst i Ytre Solund

Solund

2020

Kunstbygda Vevring

Naustdal

2020

LivOGLyst i Bøfjorden

Hyllestad

2020

LivOGLyst utviklingsprosjekt - Hyllestad

Hyllestad

2020

LivOGLyst Måløy

Vågsøy

2020

LivOGLyst i Bergsdalen

Vaksdal

2020

Rubbestadneset mot 2030

Bømlo

2020

Gode møtestader - Dåfjorden 2.0

Fitjar

2020

LivOGLyst i Øystese

Kvam

2020

LivOGLyst Stamnes

Vaksdal

     

 

 

Tal prosjekt: 76

Tal kommunar: 32