Tilskot til regionalparkar i Vestland

Ordninga skal stimulere til framvekst av gode møteplassar for lokalbefolkninga, bidra til berekraftsmåla til FN og til brei verdiskaping på kulturmiljøfeltet.

Vestland er fylket med flest regionalparkar i landet. Målet med tilksotsordninga er å stø opp om regionalparkane sitt arbeid.

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for parkar med godkjenning som regionalpark, eller med UNESCO-godkjenning, anten som verdsarv, biosfære eller geopark. Følgjande regionalparkar i Vestland kan søkje:

  • Geopark Sunnhordland
  • Nordhordland UNESCO Biosfæreområde
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark – Vestnorsk fjordlandskap, UNESCO verdsarv
  • Fjordkysten Regional- og Geopark

Dei som har ansvar for drift av parkane må stå som søkjarar.

Kva tiltak kan få støtte?

Det kan søkjast både om driftsmidlar og om midlar til utviklingsprosjekt. Regionalt tilskot føreset forpliktande medverknad frå kommunane.

Søknadsfrist

1. november

Søknaden må innehalde ei skildring av kva det vert søkt støtte til. Eventuelle samarbeidspartar må synleggjerast. Naudsynte vedlegg slik som arbeidsplan og budsjett må følgje søknaden, eller ettersendast dersom dei ikkje er klare på søknadstidspunktet (t.d. årsmelding og rekneskap).

Søknaden må innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon og minst gjere greie for følgjande:

  • Årsrekneskap, budsjett og verksemdplan for regionalparken
  • Behov for driftstilskot, utviklingstilskot, eller begge
  • Punktvis søknad om stønad til konkrete kostnader til drifts- eller utviklingsoppgåver
  • Finansieringsplan, milestolpeplan og plan for bruk av tilskotsmidlane (skal nyttast i seinare rapportering)
  • Skildring av ønska effektar av tiltaka

Vi ønsker også informasjon om kven som er med å finansierer regionalparken. Det kan vere

  • kommunar
  • lag og frivillige organisasjonar (her kan ein rekne arbeidsinnsats)
  • fylkeskommune
  • private
  • Statsforvaltaren
  • statlege midlar (t.d. frå Norske Parkar, departement eller direktorat)

Søknaden skal vere signert av ansvarleg søkjar. Dersom søknaden er mangelfull, kan det verte høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.

For å få tilskot er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen gje ei samla fagleg vurdering av søknaden.

Det må også vere levert godkjend rapport og rekneskap for året før, for at søknaden skal verte handsama.

Det skal sendast inn årleg rapport med rekneskap og årsmelding som vedlegg til ny søknad innan 1. november kvart år. 

Søkjar skal rapportera status innan utgangen av tildelingsåret og endeleg rapport må innleverast innan 1. november i det påfølgande år.

Rapporten skal innehalde

  • relevant dokumentasjon som klart viser korleis drift og forvaltning er gjennomført og om måla er nådd
  • utgreiing av gjennomført drift og eventuelle avvik frå budsjett/planen for arbeidet
  • rekneskap m/oversikt over kostnader og samla finansiering, spesifisert på
    • stat eller fylkeskommune
    • kommune
    • tilskot frå andre offentlege organ (t.d. Kulturminnefondet, Kulturrådet)
    • anna finansiering (spesifisert)
    • eigeninnsats/eigen finansiering

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom ein ønsker å gjere vesentlege avvik frå søknaden.

Om tilskotsmottakar er knytt til revisor og tilskotet er 300 000 kr eller høgare, skal tilskotsmottakar òg sende inn revidert årsrekneskap, signert av tilskotsmottakar, ev. ved styret.

Generelt gjeld det at fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn.

Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om kostnadene vert rimelegare enn budsjettert i søknaden, eller om drifta ikkje vart gjennomført etter føresetnadene, skal dei overskytande midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom mottakar gir uriktige opplysningar eller det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan vedtaket om tildeling verte gjort om heilt eller delvis. Midlane kan i så tilfelle krevjast ført attende heilt eller delvis.

Vedtaket kan klagast på i medhald av forvaltningslova § 28. Klage vert sendt til Vestland fylkeskommune, avdeling for kultur og folkehelse. Klagefrist er 3 veker frå søkjar mottok underretninga om vedtaket. I Vestland fylkeskommune si underretning til søkjarane om vedtak skal det mellom anna opplysast om klagetilgang, klagefrist og partsinnsyn mv., jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd.