Tilskot til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka (2022)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til prosjekt og kompetanseheving i biblioteka. Tilskotsordninga skal stimulere biblioteka til å prøve utviklingsprosjekt og tiltak som gir eit betre tilbod til brukarane av bibliotektenesta. Terskelen for å søke skal vere låg og ordninga gjev rom for å støtte mindre prosjekt. Det kan også søkjast om støtte til kompetanseheving.

Fylkeskommunen ønskjer å bidra til at dei kommunale biblioteka kan drive aktiv formidling, vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt, og til at dei kan gi innbyggjarane betre tilgang til kunnskap, litteratur og kulturopplevingar.

Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Å arbeide med prosjekt er ein viktig måte å skape endring, utvikling og kompetanseheving i biblioteka.

Fylkeskommunen ønskjer å gi folkebiblioteka økonomisk støtte til å eksperimentere og prøve ut nye tiltak gjennom kreative idear. Store endringar i sektoren krev bibliotektilsette med oppdatert og
ny kunnskap.

Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke. Ved interkommunalt samarbeid, må éin kommune vere ansvarleg søkjar.

Tiltak vert støtta med inntil kr. 50 000. Det er ikkje krav om kommunal eigendel.

Det blir gjeve støtte til prosjekt og tiltak innanfor desse satsingsområda:

  • debatt og samtale i biblioteket
  • aktiv formidling på ulike plattformer og arenaer
  • inkludering
  • fremjing av nynorsk språk og litteratur
  • auka digital kompetanse i befolkninga
  • samarbeid med andre bibliotek, barnehagar, skular, frivillige lag og organisasjonar

Det blir gjeve støtte til:

  • studiepoenggivande etter- og vidareutdanning
  • organisering av kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket

Tiltaket skal vere nytt i det aktuelle biblioteket. Det kan søkast om støtte til personalkostnader og kompetanseheving til gjennomføring av prosjekt. Innkjøp av utstyr vil berre bli støtta i den grad det er vesentleg for gjennomføring av tiltaket. Det vert ikkje gitt støtte til tiltak som bør vere del av vanleg drift.

  • Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.
  • Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet med budsjett og plan for gjennomføring.

1. mai 2022

Ei heilskapsvurdering med bakgrunn i overordna mål for ordninga, tiltakets kvalitetar, plan og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  1. Om det kjem tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre prosjektet og kva mål ein vil oppnå.
  2. Om tiltaket støttar eit av dei prioriterte satsingsområda.
  3. Korleis prosjektet er forankra i lokale behov.
  4. Korleis tiltaket vil føre til eit utvida tilbod og betre tenester for publikum.
  5. Nyskaping.
  6. Fordeling mellom biblioteka.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.

Avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå avdelingsdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden.

Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er igangsett innan eit år etter svar er sendt ut
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet innan to år etter svar er sendt ut

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Tilsegnsmottakar skal rapportere på digitalt rapportskjema og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.