Nettstadutvikling
Fageininga for bibliotekutvikling samarbeider med folkebiblioteka om å vidareutvikle biblioteknettstadane deira.
Biblioteket sin nettstad skal gi kvalitetssikra, oppdatert informasjon om alle dei ulike tenestene biblioteket tilbyr, og gi direkte tilgang til dei mange digitale bibliotektilboda.
Vi bidreg med
- råd og innspel for utforming av nettstadar
- å bygge opp og drifte nettstadar for bibliotek som ønskjer dette
- kurs og verkstader om vidareutvikling av brukarvennleg innhald
Webløft
Vi bygger nettstader frå grunnen i WordPress ved hjelp av ein mal utvikla i prosjektet Webløft, med komponentar tilpassa biblioteka sine behov. Løysinga har fokus på fri, open programvare. Saman med biblioteket finn vi ut kva utforming og oppsett som passar, og bygger opp ein enkel nettstad biblioteka sjølve har fullt eigarskap til og kan oppdatere med innhald.
I 2022 samarbeidde vi med Viken fylkesbibliotek om å få utvikla eit nytt design for Webløft-nettstader. Det nye designet auker tryggleiken, er betre med tanke på universell utforming og responsivitet, og har eit modernisert visuelt uttrykk samanlikna med tidlegare Webløft-sider. Vi har byrja arbeidet med å få dei eldre nettstadene over i denne løysinga.
Vi tilbyr også ein driftsavtale, der vi sørger for webhotell og teknisk vedlikehald.
Gutenberg
Fleire folkebibliotek har nettstader utvikla gjennom eit prosjekt ved tidlegare Hordaland fylkesbibliotek. Utviklinga skjedde i samarbeid med biblioteka og Mediebruket AS, og prosjektet var støtta av Nasjonalbiblioteket. Nettstadane bygger på WordPress og blei oppgraderte vinteren 2021, samstundes som vi tok i bruk Gutenberg-editoren for nettstadane.
Kompetanseheving
Vi tilbyr opplæring og digitale verkstader i oppdatering av nettstader i WordPress, og kompetanseheving i utvikling av innhald for alle bibliotektilsette i fylket.