Bibliotektransport

Vestland fylkeskommune koordinerer og delfinansierer felles bibliotektransport i fylket. Her kan du lese om ordninga.

Kva er bibliotektransport?

Med bibliotektransportordninga blir bøker og anna bibliotekmateriell sendt fritt mellom biblioteka i Vestland og resten av landet. Med denne ordninga får vi betre utnytta dei samla bibliotekressursane, og kan gi brukarane eit betre bibliotektilbod.

Biblioteka og fylkeskommunen har avtale om fast pris og betaler det same uavhengig av kor mykje tenesta vert brukt.

Slik fungerer tenesta

  • Alle biblioteka i ordninga har ei kasse frå transportøren hos seg.
  • Biblioteket merker dokumentet dei skal sende med mottakarbiblioteket sitt biblioteknummer og namn, i tillegg til dato for sending.
  • Legg alle dokumenta i kassa. Det er ikkje naudsynt å sortere.
  • Kassa vert henta på avtalt dag.
  • Transportøren køyrer faste ruter med besøk på biblioteka ein eller fleire gongar i veka. 

Kven er med på ordninga?

Fylkeskommunen, kommunar i Vestland, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen har ein felles avtale om transportordning med Nor-log AS. Vestland fylkeskommune administrerer avtalen.

Leverandøren

I april 2026 gjekk den tidlegare leverandøren Norsk bibliotektransport AS konkurs. Nor-log AS kjøpte opp konkursbuet og overtok avtalene om bibliotektransport. Frå mai 2026 er Nor-log fast leverandør av bibliotektransport i Vestland.

2026 er første opsjonsår av tre moglege i den noverande kontrakten.

Feil med tenesta

Materiale som kjem bort eller vert skadd under transporten, skal erstattast av transportøren. For at det skal kunne skje, må du melde inn avvik. Inntil avviksrutinane er på plass, kan de melde inn avvik på e-post til  kari.skibenes@vlfk.no.

Treng du å kome i kontakt med den avdelingen i Nor-log som har ansvar for transporten til biblioteket ditt, kan du finne rett avdeling ved å søke opp biblioteket ditt frå denne sida.