Kulturhistorisk vandring, internasjonal turmat, og byfjellstur med båling og kakao
Andre uka i september er det friluftslivets veke, og 10. september er det «Turmat frå Heile Verda»-dagen.
Arrangementet er heilt gratis og alle interesserte er hjarteleg velkomne til å vera med på dagen!
Allereie kl. 11.30 startar dagen med historisk vandring langs Den Trondhjemske postvegen. Vandringa startar ved Mariakirken og ender på Fiskerimuseet kor det vil bli matservering og båtaktivitetar!
På Fiskerimuseet, kl 13.00, vil Vestland innvandrarråd stille med internasjonal turmat til inspirasjon for dei som er lei av DryTech og anna litt kjedeleg føde når dei er på tur. Det er òg høve til lage eiga mat og ta med om du vil vise fram din eigen matkultur!
På Fiskerimuseet vil det òg vere høve til å ta seg ein tur på sjøen - arrangørane stiller med båtar og redningsvestar til dei som ynskjer å prøve seg.
Kl. 15 blir det arrangert tur til Munkebotn kor delar av Den Trondhjemske postvegen går. Der vil ein få informasjon om denne historiske viktige vegen. Det vil óg bli bålkos med kakao.

PROGRAM FOR DAGEN
11.30 KULTURHISTORISK VANDRING
Oppmøte Mariakirken. Kulturhistorisk vandring langs Den Trondhjemske postvegen.
13.00 START ARRANGEMENT FISKERIMUSEET
- Internasjonal turmatdag med med matservering i regi av Vestland innvandrarråd
- Guida omvising på Fiskerimuseet (start kl. 13)
- Moglegheit til å prøva seg i tradisjonsbåtar. (fram til kl. 16)
15.00 KULTURHISTORISK VANDRING OG BÅLING
Tur frå Kystkultursenteret til bålplass i Munkebotn, og guida tur langs Den Trondhjemske postvegen til Eidsvåg og tilbake til bålplassen. Dei som ikkje vil vere med på turen(e) kan bli verande på Fiskerimuséet.
16.00 BÅTAKTIVITETAR AVSLUTTAST
18.00 DØRENE LUKKAST PÅ FISKERIMUSEET.
Om du vil lage eiga mat og ta med kan du møte på Fiskerimuseet allereie 12.30.
Hugs å kle deg etter veret om du vil vere med på tur til Eidsvåg/bålplassen!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Regionalt pilegrimssenter Bergen og Vestland Innvandrarråd.
Les meir om Den Trondhjemske Postvei her
Les meir om Vestland Innvandrarråd her.