Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her utvekslar me erfaringar, lærer av kvarandre og kan få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Tema for samtalen
- Korleis snakke og arbeide saman i stadutvikling?
- Korleis prosessen kan romme eigarforhold, fellesskapet og andre som driv på?
Del gjerne tankar og erfaringar i møtet.

Har du innspel til emne for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.