Stride4Stride for skills adaption/anticipating in European Regions (2020-22)

Det er eit Erasmus+ strategisk partnarskap innan fag- og yrkesopplæring. Prosjektet vert koordinert av Bretagne regionen og utanom Vestland deltek i alt ni andre regionar, utdanningsinstitusjonar og organisasjonar i Europa. Vestland fylkeskommune er representert ved Karriere Vestland og Hardangerrådet i dette prosjektet. Målet er å opparbeide eit nytt konsept: “Økosystem for regionale kompetansebehov” der ein skal identifisere behov for kompetanse og utvikle/tilpasse tilbodet om utdanning og opplæring.  

Stride4Stride handlar om å etablere framtidsretta og berekraftige arbeidsmarknadar til beste for både industrien og arbeidslivet, for arbeidstakarane og for samfunnet.

Med dette meiner vi ein arbeidsmarknad som er i balanse når det gjeld arbeidskraft og kompetanse opp mot arbeidslivet sitt behov no og i framtida. Dette er ei nasjonal og fylkeskommunal utfordring, men føreset òg at temaet har tydeleg fokus på regionalt nivå, der behovet for arbeidskraft og kompetanse spelar seg ut og der folk set krav til framtidsretta arbeid og moglege karrierevegar.  

I Stride4Stride vil Hardangerrådet legge vekt på kompetansetiltak for prosessindustri og reiseliv, og Karriere Vestland vil utveksle god praksis og sjå på kva rolle, plass og innhald karriererettleiingstenesta bør ha i eit slikt regionalt økosystem for regionale kompetansebehov. 

Prosjektet og arbeidet med rekruttering til arbeidslivet i regionen er delt inn i tre «frontar»:  

  1. Rekruttering «nedanfrå», dvs. frå ungdomen i regionen, 
  2. Omstilling og rekruttering frå noverande arbeidsstokk i regionen og
  3. Rekruttering utanfrå. 

Workshops 

Det vert gjennomført fire forskjellige workshops for å identifisere og tilpasse nye kompetansebehov. Desse skal arrangerast fire ulike stader (Toscana, Bretagne, Vestland og Catalonia) og kvar workshop skal: belysa eit tema, ha studiebesøk og invitere med seg aktuelle lokale representantar.

Vestland er vertskap og ansvarleg for workshopen med tema kompetanseoverføring og regionalt samarbeid våren 2022. Stride4Stride starta under pandemien, og har også dei utfordringane med i arbeidet. Covid 19 har skapt endå større utfordringar for både arbeidsgjevar og arbeidstakar, og det er dei med lågast utdanning som vert råka hardast. 

Stride4Stride varer ut september 2022.