Tilskot til modellar for lokale breiddetilbod for e-sport og gaming

Kommunar i Vestland kan no søkje fylkeskommunen om inntil 50 000 kr til oppstart eller nyutvikling av tilbod for e-sport og gaming. Søknadsfristen er 30. mai.

Vestland fylkeskommune lyser ut til saman 205 000 kr i tilskot for å følgje opp strategi for e-sport og gaming. Tilskotet kan vere starthjelp til gode lokale tilbod som kan vere modellar for andre kommunar. Tilskotet føreset kommunal eigendel.

Kommunane blir oppmoda til å sjå på høve for sambruk og fleirbruk for implementering av e-sport og gaming i arenaer for kultur og idrett. Det kan til dømes vere løysingar for bruk av ulike rom, for utlån av ressursar på tvers av både lag, hus og kommunar eller konkrete samanarbeid mellom aktørar.

Kva kan få støtte?

Tiltak i kommunane som gjeld oppstart eller nyutvikling av tilbod for e-sport og gaming kan få støtte. Tiltaka skal vere gode modellar som kan gi kunnskap og inspirasjon til andre som skal legge til rette for liknande tilbod.

Tiltaka må svare på følgjande punkt frå strategi for e-sport og gaming i Vestland:

Delmål 1. Hindre utanforskap og sikre sosial berekraft

Punkt a) Legge til rette for deltaking og inkludering.
Punkt c) Tilpasse og vidareutvikle eksisterande tilskotsordningar som verkemiddel for deltaking og oppstart av tilbod

Delmål 2. Utvikle tilbod i breidde, topp og som del av vidaregåande opplæring

Punkt a) Samarbeide med relevante aktørar for å utvikle organisert tilbod i kommunar og idrettslag

Kven kan søkje?

Kommunane i Vestland.

Søknadsfrist

30. mai 2022

  • Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.
  • Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet (sjå under punktet over kva som kan få støtte) med budsjett og plan for gjennomføring.
  • Med søknaden må det følgje garanti om kommunal eigenandel, kronesum minimum tilsvarande søknadssum.

Ei heilskapsvurdering med bakgrunn i overordna mål for ordninga, tiltakets kvalitetar, plan og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • At det kjem tydeleg fram kvifor ein vil gjennomføre prosjektet, og kva mål ein vil oppnå.
  • Korleis prosjektet er forankra i lokale behov, overordna planar og føringar.
  • At tiltaket fører til eit utvida tilbod for publikum.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune, og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for handsaming og delegert vedtak frå avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Søknadane
skal i hovudsak vere handsama innan to månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrevet. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden.

Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan to år etter svar er sendt ut

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, seinast 1. august påfølgjande år. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Tilskotsmottakar pliktar seg til å dele erfaringar frå prosjektet med andre i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.