Masfjorden kommune - Fjordblikk

Masfjorden si dagsturhytta finn du i Grøttneset, mellom Mjanger og Kvingo. Hytta, som har fått namnet Fjordblikk, ligg vakkert til omgitt av sjø på tre sider.

Bilete av dagsturhytta i solnedgang.
Dagsturhytta Fjordblikk i solnedgang. Foto: Gro Serine Baarøy

Hytta vart opna i desember 2020. 

Det vore mykje dugnadsaktivitet i området. Kvinge grendalag har lagt ned eit stort arbeid med tilrettelegging av tomt, området rundt hytta og tilkomstar. Det er spikra klopper over fleire våte parti. Det er laga parkeringsplass ved turstart, kulturlandskapet frå fylkesveg til parkeringsplass på Bakken er stelt og badestranda ved hytta er rydda.

Tilkomst og parkering

Kjem du frå sør svingar du av frå E39 v/ Andåskrysset og køyrer 13 km i retning Masfjordnes på Fv 570. Kjem du frå nord køyrer du 15 km frå Masfjordnes på Fv 570.

I Nord-Kvingekrysset tvers ovenfor buss-skur startar skilting mot dagsturhytta. Her svingar du inn på kommunal veg og køyrer 1 km til hovudparkering like forbi Kvingebakkevegen 100.

Kjem du med buss går du av i vegkrysset på Nord- Kvingo og går 1 km langs den kommunale vegen til hovudparkering og der stiane startar.

Etter kvart kjem det også ein parkeringsplass ved avkøyrsla frå Fv 570, i Nord-Kvingekrysset.

Frå 2022 kan du også nytta universelt utforma gangveg derifrå (over Stien) og heilt fram til hytta.

Ønskjer du å padla til hytta kan du  parkera på tilvist plass ved kaien på Nord- Kvingo og etter kvart ved den nye båthamna på Bakken. Kjem du sjøvegen kan du leggja til ved ilandstigningsplass nedanfor hytta. 

Stien til hytta

Frå hovudparkering går du i godt merka løype, først på skogsveg og deretter sti, i småkupert og tilnærma flatt terreng. Om lag halvvegs deler stien seg i to der du kan velja om du vil ta turen over Flena eller gjennom Skarhellerdalen fram til hytta. Hytta ligg ved sjøen. Kommunen har publisert eit kart over turløypene

I 2022 vil det også vera ferdig universelt utforma turveg frå Fv 570 og heilt fram til dagsturhytta med total lengde 2,4 km frå FV 570 eller 1,4 km frå hovudparkering.

I området mellom parkeringsplassar og hytta er det fleire alternative løyper ein kan velja.

Avstandar

Frå hovudparkering er det 1, 5 km/ ca 30 minutt roleg gange fram til hytta. Du kan og velja sti rundt Kjeringatåna frå båthavna. Dette er ein tur på ca 3 km/  1 time langs Kvingevågen og Austfjorden i litt meir kupert terreng.