Alver kommune - Eldsbu

Ei av dei tre dagsturhyttene i Alver kommune skal ligge på Eldsfjellet.

Hytta på Eldsfjellet er plassert like nedanfor Varden, som er det høgaste punktet på Eldsfjellet. Dette er den tøffaste av dei tre dagsturhytteturane, men slitet vert belønna med ei fantastisk utsikt frå toppen. Ønskjer du å gå endå lengre kan du gå vidare i flott fjellandskap til Veten på Eldsfjellet.

Tilkomst og parkering

Stien til Varden på Eldsfjellet startar ved motorcrossbana på Rossland, omlag tre kilometer nord for Vikebø i retning Skjelanger (fv5318). 

Stien til hytta

Stien tar av frå fylkesvegen omlag 150 meter nord for parkeringsplassen. Stien startar ganske bratt oppover i skog til ein kjem over tregrensa. Videre flatar stien ut, før den igjen vert bratt på slutten. Varden på det høgaste punktet ligg på 324 moh. og dagsturhytta ligg om lag 100 meter aust for varden. 

Ver merksam på at det er ein del røter på stien som kan vera svært glatte. Når det er snø og is må ein vera ekstra varsam.

Avstandar

Turen er om lag 1,2 kilometer og tar kring 45 minutt å gå.