Søknad om plassering av kleskonteinar og returkonteinar langs fylkesveg

Du må søke om løyve til plassering av konteinar for innsamling av brukte klede og konteinar for returavfall når desse skal stå ved fylkesveg.

Søknadsplikta dekker fylkeskommunen sitt eigedomsområde. Du søker via søknadsskjemaet vårt der du plasserer konteinaren i eit kart og fyller inn informasjon som vi treng for å saksbehandle søknaden. Du må bruke eit skjema per konteinar.

Dersom du får løyve frå oss, vil det vere mellombels. Det vil gjelde frå datoen i vedtaket og inntil vidare. Vestland fylkeskommune kan til ei kvar tid trekke dispensasjonen tilbake.