Driftskontrakt Sunnfjord nord 2024-2029

Anbodsprosess med marknadsdialog - klimagassreduksjon i driftskontraktar.

Vestland fylkeskommune har ambisiøse klimamål, eit av dei er å redusere klimagassutslepp og vere utsleppsfri innan år 2030. Drift og utbygging av fylkesveg skal bidra til å nå klimamåla.

Om driftskontrakta 

  • Vestland skal inngå ny drifts- og vedlikehaldskontrakt for området Sunnfjord nord: "Driftskontrakt 4609 Sunnfjord nord 2024-2029". 
  • Anslått totalverdi: 250 millionar kroner
  • I anskaffingsprosessen er det valt “Driftskontrakt med forhandlingar”, med marknadsdialog i forkant. 

Dialog med entreprenørmarknaden før anskaffinga blir lyst ut skal gje berekraftige tenester frå entreprenør, med merksemd på klimagassreduksjon.

Tidsplan og fristar 2023

29. juni  dialogkonferanse
28. juli Frist for skriftlege innspel og påmelding til ein til ein-møte. 
23.-25. august Ein til ein-møte, digitale, 30 min. 

 

Ein til ein-møte

Dialogkonferanse

Vestland inviterte marknaden til digital dialogkonferanse om kontrakta 29. juni 2023:

Klimagassreduksjon - viktige spørsmål i anbodsprosessen

  • Korleis kan fylkeskommunen bidra til klimagassreduksjon gjennom driftskontraktane sine, og korleis kan entreprenørane bidra?
  • Kva løysingar kan marknaden tilby no og framover?
  •  Korleis kan vi få betre praksis med omsyn til biologisk mangfald, verneområde og 
    ureining anna enn klimagassar?
  • Korleis få best mogleg driftsløysing på klima og miljø, generell drift, vinterdrift og pris.

Målsetting med marknadsdialogen

Utgangspunktet er Statens Vegvesen si driftskontrakt 9201 Vestfold og Telemark øst 2023-2028, der entreprenørar konkurrerte på fire område: klima og miljø, vinterdrift, driftsopplegg for heile året og system for å lukke avvik. 
Erfaringar viser at driftskontrakter er godt eigna for forhandling, og at ein kan oppnå reduserte utslepp, godt samarbeid, mindre uklarheiter og generell
meirverdi. Målsettinga er å oppnå dette og ivareta Vestland sitt vedtekne mål om nullutslepp innan 2030.