Flaum i Vestland

676 kilometer av fylkesvegane i Vestland er flaumutsett. Det tilsvarar 11,6 prosent av fylkesvegnettet.

Endringane av klima er ei av dei største utfordringane. I Vestland fylke er det større risiko for meir skred og flaum framover. Klimaendringane kan føre til aukande ekstreme vêrhendingar. Det er sannsynleg at det kjem fleire hendingar som dei i Utvik i 2017 og i Jølster i 2019.


Kartet viser aktsemdområde for flaum. I kartet kan du klikke deg rundt, og velje forskjellige lag på høgre side. 

Flaumsikring

  • OED løyver årleg midlar til flaum og skredførebygging til NVE
  • Tilskotsordninga dekker ikkje tiltak for fylkeskommunal infrastruktur
  • Tilskotsordninga er per i dag ikkje stor nok til å romme bytte av store konstruksjonar (som t.d. bru) til andre forvaltningsnivå
  • Rammene til den statlege ordninga for flaumsikringstiltak må aukast og må ta opp i seg fylkeskommunal infrastruktur
    Bilde av ei brei elv der vatnet går nesten heilt opp til vegen. Trer, buskar og gjerde står i vatn. Bak i bilde ligg ein jernbanestasjon.
    FLOM I FLÅM: 11. november 2022 gjekk Flåmselvi nesten over sine breidder. Foto: Henning Elgåen, Aurland kommune

Eit konkret eksempel frå Innvik

  • NVE kontakta Vestland fylkeskommune med ei oppmoding om å bygge ny bru ved fv. 60 ved Storelva i Innvik i Stryn kommune
  • NVE er avhengig av at brua blir byta ut dersom dei skal flaumsikre elva
  • Brua har restlevetid på 30 år, ikkje kritisk skadd, og er difor ikkje prioritert hos Vestland fylkeskommune.  
  • Framtidige flaumhendingar er ikkje er eit kriteria for at fylkeskommunen prioriterer utbetring av ei bru
Bilde tatt frå lufta, skrått overfor Storelva bru i Innvik i Stryn. Vegen og brua går midt i bildet, med elva flytande under som renner ut i fjorden. I bakgrunnen er det snødekte fjell.
STORELVA BRU: Brua har lang levetid igjen, men tren å flaumsikrast. Foto: Vestland fylkeskommune