Vedlikehaldsarbeid på fv 5150 Lepsøysundet

Varselet gjeld: 21.08.2023–15.10.2024

Vedlikehaldsarbeidet på dei fire bruene på strekninga Lepsøya–Sunnøya i Bjørnafjorden kommune er i gang.

Status desember 2023

Vestland fylkeskommune har saman med entreprenøren no fått på plass eit prøvefelt på Lepsøysundet. Det er eit felt på 30 meter, der vi skal teste korleis blant anna trafikkavvikling og tekniske løysingar fungerer. Vi testar dette gjennom vinteren, for å finne ut korleis vi skal gjere arbeidet med resten av brua.

Vi tek no pause i vegarbeidet gjennom vinteren, og entreprenøren startar oppatt når vêret tillét det, truleg i mars/april 2024. Då skal resten av Lepsøysundet bru reparerast.

Både fylkeskommunen og entreprenøren takkar for godt samarbeid med trafikantane så langt. Vi oppmodar alle til køyre ekstra forsiktig gjennom vinteren, no når ein del av fortauet er fjerna.

Etter en diskusjon med fleire partar innan trafikktryggleik har Vestland fylkeskommune komme fram til at ei kvit stripe ikkje er den beste løysinga gjennom vinteren. Dette fordi snø kan gjere stripa mindre synleg.

Vi har kommet fram til ei løysning der vi setter opp ei fysisk skille mellom køyrebane og gangbane (Klemm-fix system). Systemet skal settes opp av entreprenøren i starten av veke 51.

Vestland fylkeskommune skal ha ei ny runde med entreprenøren om korleis vi kan sikre arbeidsområdet betre mens arbeidet pågår i 2024.

Arbeidet er planlagt ferdig i oktober 2024.

Om arbeidet i Lepsøysundet

BMO Entreprenør skal i hovudsak rehabilitere overbygning og køyrebana, og arbeidet er planlagt i perioden 21. august 2023 til 15. oktober 2024. Det blir pause i arbeidet på vinterstid.

Mykje av arbeidet vil vere i vegbana, og det kan påverke trafikkflyten. Vegen kan bli stengt.

Ved behov kan vegen også bli stengt for å sikre godt og effektivt arbeid. Det kan bli stenging på inntil 30 minutter på dagtid, på nattestid eller inntil to timar utanfor rushtid.

Kartutsnitt
Det skal vere vedlikehald på vegstrekninga markert med gult.

Det skal vere vedlikehald på vegstrekninga markert med gult.