foto av gut som "held jordkloden" på Vilvite-senteret i Bergen
MÅ SKJE NO: Verda og Vestland står overfor store utfordringar, men som region har Vestland også store fortrinn i arbeidet med å klimaomstille samfunnet. Saman må vi løfte fylket og verda ut av forureining, og kutte utslepp. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune

Vi treng ein plan – ein klimaplan!

"Jeg har en plan!", sa Egon Olsen. Han var gjerne ikkje så oppteken av klimaet, hadde kanskje ikkje høyrt om det ein gong. Men det har politikarane i Vestland fylkeskommune. Og no lagar vi klimaplan.

Det står ikkje på ambisjonane. Politikarane våre har vedteke at fylket, ikkje berre fylkeskommunen, skal ha netto nullutslepp av klimagassar innan 2030.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

“Dette er kode raud for menneskeheita”, var konklusjonen til generalsekretæren i FN, António Guterres, då klimapanelet til FN lanserte sin så langt siste klimarapport i august i år.

Ta problema med rota

Dette er nokre av spørsmåla Ida-Beate Mølmesdal og Snorre Waage stiller seg og prøver å finne svar på når dei lagar ein ny regional klimaplan for Vestland.

foto av ladar til elektrisk ferje
MILJØKRAV GAV RESULTAT: Vestland er den regionen i verda med flest elferjer, eit resultat av strenge miljøkrav i anbodsprosessane. I haust blir den siste fylkesvegferja i tidlegare Hordaland heilelektrisk. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

– Ofte vert klimatiltak kalla for radikale, og kanskje skal vi tørre å bruke nettopp det ordet? Radikal stammar frå det latinske ordet for «rot». For å løyse klimakrisa må vi gå til rota av problemet og gjerne røske opp problemet med rota. Vi må endre tilnærminga vår til arbeidet. Vi klarer ikkje å løyse problema våre med same metodar som skapte dei i utgangspunktet. Sjå på ferjesatsinga vår, sjå på elbilsatsinga vår. Vi får det til! Vi har vist at vi kan, og vi held fram med å grønne på, seier dei to.

Store fortrinn i Vestland

Vestland fylkeskommune skal vere ein samfunnsutviklar som skaper eit godt og givande liv for innbyggarane i dag, samtidig som vi legg til rette for eit godt liv for framtidige generasjonar.

– Berekraftig utvikling og klimaomstilling kan fort sjå utfordrande ut. Men Vestland har store fortrinn og store mogelegheiter, både som ein region i Noreg, men òg som ein del av verda, slår Ida-Beate og Snorre fast.

Næringslivet i fylket er sentralt for å klimaomstille Vestland og ta leiinga i det grøne skiftet. Her er både fylkeskommunen og eit engasjert og aktivt næringsliv godt i gang, blant anna med næringsplanen «Berekraftig verdiskaping», som fylkestinget vedtok tidlegare i år, og prosjektet Grøn region Vestland.

I gang no – helst i går

– Det viktige er at vi sjølve omstiller oss, i staden for at vi blir omstilte. Klimaendringane skjer no, resten av verda arbeider med løysingar. Tiltak må setjast i gang i dag, eller helst i går. Vi kan skape løysingane, både dei som trengst lokalt, men også dei som kan bidra globalt.

Logo til FNs berekraftsmål 13

FNs berekraftsmål 13.3

Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette.

Regional plan for klima har fem plantema:

Saman skal vi sjå på korleis Vestland kan gjennomføre store og raske utsleppskutt, og korleis vi skal ruste oss for eit klima i endring. Vi skal også finne ut korleis vi skal ta vare på naturmangfaldet vårt i denne prosessen. Og ikkje minst skal vi sikre at klimatiltaka ikkje rammar urettferdig og skaper auka forskjellar i fylket.

Alle skal med

Både fylkeskommunen, kommunar, lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar må nytte tida godt det neste året.

foto av Ida-Beate Mølmesdal
Foto: Privat

Vi vil høyre kva du kan gjere, kva vi alle bør gjere. Saman kan vi gjere ein forskjell. prosjektleiar Ida-Beate Mølmesdal

Fylkeskommunen ønskjer at alle som vil skal få kome med innspel og delta i ulike medverknadsprosessar.

– Vi kjem til å kalle inn til ulike møte og ha webinar. Dei som ønskjer kan booke oss til å delta i eigne møte. Kanskje nokon ønskjer å gjennomføre eit medverknadsmøte heime hjå seg sjølv med nokre vener? Vi vil vite kva du meiner, du som er tilsett eller politikar i ein kommune, du som er engasjert i det frivillige organisasjonslivet, og du som har tankar om korleis bedrifta di kan og vil bidra, seier Ida-Beate.

All informasjon om planen blir samla på nettsida til Vestland fylkeskommune. Her er også planprogrammet lagt ut, og du finn kontaktinformasjon til prosjektleiarane.

Logo til FNs berekraftsmål 17

FNs berekraftsmål 17.4

Oppnå ein meir samstemt og heilskapleg politikk for berekraftig utvikling.

Må sjå moglegheiter, ikkje problem

Både ho og kompanjong Snorre er opptekne av at vi ikkje berre kan seie nei til alt, eller fy-fy, eller få folk til å skamme seg. Vi må sjå moglegheiter og tenkje nye tankar.

– Berekraftsmåla til FN står sjølvsagt veldig sentralt for oss. Vi prøver å tenkje nye tankar for korleis vi kan knyte arbeidet til fylkeskommunen til måla. Vi må sjå alle moglegheitene vi har, og korleis vi både kan klimaomstille oss OG skape eit godt liv for innbyggarane i dag og i framtida, seier dei.

foto av journalist frå The New York Times som intervjuar nokon framfor Skyss-buss
THE NEW YORK TIMES PÅ BESØK. Foto: Sølve Sondbø, Vestland fylkeskommune

The New York Times ser til Vestland

Satsinga på elektrisk transport i Vestland fekk i haust fyldig dekning i den internasjonalt anerkjende avisa. Det handlar blant anna om elferjer og elbussar.

Merk at du må registrere ein gratis brukarkonto hjå New York Times for å kunne lese artikkelen.

Gjeld til 2035

Så kva er planen for klimaplanen? Jo, framdriftsplanen seier at han kjem på sakslista til fylkestinget hausten 2022. Om dei 65 politikarane der gjev si tilslutning, så har vi ein klimaplan som gjeld fram til 2035 på plass.

Planen skal gjelde for heile Vestland fylke og set felles mål og retning for offentlege institusjonar, næringsliv, lag, organisasjonar og privatpersonar.

Det overordna målet har politikarane sett i utviklingsplanen:

Klimabudsjett og -rekneskap

Klimabudsjettet for 2022 i økonomiplanperioden 2022–2025 er Vestland fylkeskommune sitt andre klimabudsjett etter fylkessamanslåinga. Klimabudsjettet arbeider etter same rutinar for rapportering som det ordinære budsjettet og er eit styringsverktøy i klimaarbeidet.

Klimabudsjettet omtaler tiltak for å redusere klimagassutslepp for å nå målsettinga om netto nullutslepp av direkte klimagassar i Vestland innan 2030. Klimabudsjettet viser også tiltak og verkemiddel som legg til rette for indirekte utsleppskutt og klimaomstilling og syner til fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar.

Klimarekneskapen, der vi rapporterer på klimatiltak det siste året, er del av årsmeldinga til fylkeskommunen. Her rapporterer vi på utsleppsstatus frå kollektivtenester og fylkeskommunal drift. Vi syner kor mange elektriske bilar og anleggsmaskiner vi har, kor mykje vi reiser, og korleis vi sorterer avfallet vårt. Nøkkeltala er sentrale indikatorar på utviklinga av direkte utslepp av klimagassar i fylkeskommunen.