foto frå Briksdalen, utsikt nedover dalen
VIL TILBY HURTIGLADING: Briksdalsbre fjellstove ligg over to mil frå fylkesveg 60 i Olden og nesten fire mil frå næraste hurtigladar i Stryn. Fjellstovesjef Per Briksdal har opplevd stor etterspurnad etter elbillading, og no gjer han noko med det, med støtte frå Vestland fylkeskommune. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

På ladestolpejakt i Vestland

For mange turistar har noregsferien handla mykje om korleis dei skal komme fram til neste ladestasjon. Vestland fylkeskommune gjer noko med rekkeviddeangsten, no også til vanns.

Du tek av fylkesveg 60 i Olden, svingar deg oppover Oldedalen og tek etterkvart av mot sidedalen Briksdalen. Langt der oppe, ikkje så langt frå den krympande breen, oppdagar du at bilen ikkje har meir straum, og det er langt nedatt til sivilisasjonen. Då er ladestolpen på Briksdalsbre fjellstove fin å ha, eller rettare sagt «blir». Til våren skal dagleg leiar Per Briksdal tilby elbillading med to ladeuttak til gjestene sine.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

foto av Briksdalsbreen
TURISTMAGNET: Briksdalsbreen i Stryn har vore eit mål for turistar heilt sidan midt på 1800-talet. Og framleis tek mange langvegsfarande turen for å sjå på breen, som stadig kryp lenger oppover fjellsida. Foto: Shutterstock

– Vi registrerer at det er stor etterspurnad etter billading. Behovet har særleg vakse dei to siste åra då turiststraumen i hovudsak har bestått av norske turistar, grunna koronaen, seier Briksdal.

Søkte om støtte

Derfor bestemte dei seg for å søke om støtte frå Vestland fylkeskommune til å setje opp hurtigladarar. Briksdalsbre fjellstove fekk 175 000 kroner i støtte, og til våren skal ladestolpen vere klar.

– Vi ventar at talet på elbilar berre vil fortsette å vekse og ønskjer med dette å bidra til det grøne skiftet.

Fjellstova er ein møteplass for turistar i Briksdalen i Nordfjord. Ho ligg berre ein 30-minutts gåtur frå Briksdalsbreen og tilbyr overnatting på rom og i hytter. I tillegg til overnattingsgjestene kjem mange på dagsbesøk. I eit normalår har Briksdalen om lag 250 000 besøkande, inkludert bussturistar i løpet av sesongen frå april til oktober.

For lite ladekapasitet i området

Det aukande behovet for ladarar har vist seg på fleire måtar.

– Folk har tatt kontakt og sagt at dei ikkje vil komme dersom det ikkje er ladetilbod tilgjengeleg, seier Briksdal.

Briksdalsbre fjellstove ligg over to mil frå Olden, og det er langt til næraste ladestasjon.

foto av Per Briksdal og Oddrun Grodås
FÅR LADESTOLPE: Oddrun Grodås og Per Briksdal framfor Briksdalsbre fjellstove. Arkivoto: Gunnhild Sindre/Fjordingen

Det er for lite kapasitet i ladetilbodet for området totalt sett. Vi ønskjer derfor å få på plass eit tilbod som gjer at turistane har moglegheit for å lade under opphaldet. Per Briksdal, Briksdalsbre fjellstove
Logo til FNs berekraftsmål 7

FNs berekraftsmål 7.2

Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg.

Styrke ladetilbodet i Nordfjord

Reiselivsnæringa har vore hardt pressa gjennom koronapandemien, og Briksdalsbre fjellstove er den einaste representanten frå næringa som har fått midlar. Fleire mediesaker handla i sommar om norske turistar på ladestolpejakt med elbilane sine. Samtidig har ladekapasiteten generelt vore dårlegare i dei nordlege delane av Vestland.

Gjennom tilskotsordningar har Vestland fylkeskommune derfor støtta utbyggingsprosjekt i denne delen av fylket. I førre tilskotsrunde fekk Nordfjord eit løft.

– Næringslivet treng gode løysingar

Heilt sidan 2011 har fylkeskommunen arbeidd målretta for å bygge ut ladeinfrastrukturen. Gjennom tilskotsordningar har det mellom anna blitt delt ut midlar til offentlege ladestasjonar, ladestasjonar og heimeladarar for drosjar. I 2011 var det berre ein einaste ladestasjon i fylket. No er det meir enn 170 hurtigladeplassar og over 400 ladeuttak.

Hurtigladestasjonar i Vestland 2011–2021

Animasjon: Henrik Løseth Jansen, Vestland fylkeskommune.

– Utbygginga skal vere med på og sikre at ladetilbodet blir så bra at det er praktisk å køyre elbil i heile fylket. På denne måten er vi med og utviklar eit framtidsretta Vestland, for både innbyggjarar og næringsliv, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han legg til at Vestland fylkeskommune får svært mange gode søkjarar til ordninga. Ladeplassane skal byggast ut steg for steg og har gitt betre dekning, særleg i dei nordlege delane av fylket.

Sal av nye elbilar sidan 2013

Graf klimamag_elbil.svg

Figuren viser utviklinga i salet av nye elbilar sidan 2013, og skilnaden mellom Vestland og Noreg. Målskiva øvst i tabellen syner målsettinga om 100 prosent nullutslepp i nybilsalet innan 2025.

Bratt auke

Elbilsalet har hatt ein bratt auke dei siste ti åra, både i landet totalt og i Vestland.

– Vi ser at elbilsalet jamt over er høgare i Vestland, samanlikna med tala for resten av landet. Det kan sjåast som eit teikn på at den store satsinga på utbygging av ladeinfrastruktur har hatt effekt, seier fylkesordføraren.

Han understrekar at for å nå det nasjonale målet om at alle nye bilar som blir selde i 2025 skal vere utsleppsfrie, er det avgjerande å ha ein godt utbygd ladeinfrastruktur.

– Ikkje minst gjeld dette for næringslivet som ikkje kan nøye seg med halvgode løysingar i ein tøff konkurransesituasjon.

Mot nullutslepp i 2025

Regjeringa har som mål at alle bilar som blir selde frå 2025 skal vere utsleppsfrie. Fylkeskommunen har i fleire år jobba aktivt for å sikre utbygging av ladetilbodet i Vestland. Både drosjenæringa og folk med private elbilar har fått nyte godt av dette, og i år blei verdas første hurtigladar for både elbil og elbåt opna.

Tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken viser at fleire og fleire nyregistrerte bilar er elektriske. Så langt i år er 63 prosent av alle nye bilar i fylket heilelektriske. I tredje kvartal er nær fire av fem bilar heilelektriske. Om utviklinga held fram, er det sannsynleg at nær alle nye bilar i Vestland vil vere nullutsleppsbilar innan 2025.

Mot nullutslepp i drosjenæringa

Vestland fylkeskommune har også i fleire år hatt eit omfattande samarbeid med drosjenæringa om korleis ho kan bidra til klimaomstillinga. Prosjektet «Grøn omstilling i drosjenæringa» inneber at det skal vere null utslepp frå drosjenæringa i Hordaland frå 2024. Arbeidet har resultert i eit omfattande kunnskapsgrunnlag, og tilrettelagt for og støtta nye hurtigladarar.

Fylkeskommunen har mellom anna gitt støtte til utbygging av ein ladepark for eldrosjar på Bergen lufthamn, Flesland. Det er det største ladeanlegget for eldrosjar i Norden, og det nest største i Europa, med plass til å lade tolv drosjar samstundes. Drosjehaldeplassen på Flesland er den største i Noreg med 550 000 drosjeturar årleg.

Alle drosjeselskap har i tillegg til dette fått støtte til å bygge eigne ladestasjonar. Vestland fylkeskommune har vunne pris for sitt samarbeidsprosjekt med drosjenæringa.

Fylkeskommunen har også vunne verdas gjevaste pris for elektrifisering innan transport.

Elbåtar neste!

Marknaden for elektriske fritidsbåtar er enno berre i startgropa, og ladetilbodet for denne båttypen er framleis lite tilgjengeleg, men dette kan fort snu i åra som kjem.

fylkesorførar med ladestolke på kai.
VERDAS FØRSTE: Fylkesordførar Jon Askeland opna 6. mai 2021 verdas første kombinerte lynladar for elbil og elbåt i Florø. Foto: BKK

I vår opna fylkesordførar Jon Askeland verdas første kombinasjonsladar i Florø, ein ladar for både bilar og båtar. Vestland fylkeskommune bidrog med økonomisk støtte til utgreiing av ladeinfrastruktur, og ladaren i Florø er eit resultat av dette. Fylkeskommunen bidreg økonomisk til bygging av fleire andre kombinasjonsladarar i fylket.

Høna eller egget?

For at det skal komme elbåtar på marknaden må det byggast ladarar. Samtidig blir det ikkje bygd ladarar utan at det finst elbåtar. Litt høna og egget-problematikk her altså, men noko er i ferd med å skje, ifølge Bjørn Hønsi Følling, leiar for maritim lading i Eviny-bedrifta Plug. Eviny (tidlegare BKK) har bygd ut fleire av ladestasjonane som fylkeskommunen har gitt tilskot til.

EL TIL VANNS: Bjørn Hønsi Følling, leiar for maritim lading i Eviny-bedriften Plug, navigerer elbåten gjennom trongt bergensk farvatn. Foto: Morten Wanvik
EL TIL VANNS: Bjørn Hønsi Følling, leiar for maritim lading i Eviny-bedriften Plug, navigerer elbåten gjennom trongt bergensk farvatn. Foto: Morten Wanvik

– Vi jobbar no med å etablere eit knippe ladestolpar på stader der det er lønsamt å bygge. Då er det svært viktig å ha dialog med marknaden. Målet er å finne eigna stader der både bil og båt kan lade, seier Følling.

Han legg til at dette gjerne høyrest enkelt ut, men at desse vurderingane er svært viktige vurderingar for ein aktør som skal tene pengar.

– Vi kan ikkje sette opp ladarar som ikkje blir brukte, seier han.

Elbåt i Bergen

BKK-konsernet eig i dag ein Hydrolift E-22, som er laga med framdriftssystem frå produsenten Evoy i Florø. Båten er 22 fot, registrert for seks personar og har ein toppfart på 40 knop. Han skal kunne køyre med ei hastigheit på 23 knop i ein time før han må ladast.

Framdriftssystemet er sett saman av ein påhengsmotor som yter 150 hestekrefter og har ein batteripakke på om lag 60 kWh. Elbåten nyttar same ladeteknologi som elbilar, type 2 kontakt for normallading i marina og CCS 2-kontakt for hurtiglading.

Nettverk av ladestolpar

Eviny har begynt å bygge ut eit lite knippe med ladestolpar. Dei ønskjer å etablere eit nettverk av ladestolpar langs kysten. Det gjer at elbåtane kan dra på litt lengre distansar, og ikkje minst komme seg heilt heim igjen.

– Vi prøver dette ut på Vestlandet no i første omgang. Om vi lukkast, vil vi utvide til Noreg og deretter satse internasjonalt, seier Følling.

For ikkje mange år sidan var elbil nærast eit framandord. På same måte er elbåt i dag noko dei færraste har noko forhold til.

– Vi håpar at folk har endra tankesett når det gjeld elektrisitet, ettersom svært mange i dag køyrer rundt i elbil. Kvifor velje forureinande diesel og bensinmotorar når det finst utsleppsfrie alternativ?

Betre utnytting

Han har også tru på å tenke nytt framover når det gjeld utnytting av ladekapasitet. For eksempel når det gjeld elferjene som ladar ein kort periode kvar gong dei ligg til kai.

– Kanskje kan straumen på desse ladestasjonane nyttast av andre køyretøy når ferja ikkje er til lading. Vår oppgåve i Plug er å sjå korleis vi i framtida kan nytte ladekapasiteten på best mogleg måte.

At elbilar og elbåtar treng ladarar er utvilsamt, og garantert noko dei fleste bileigarar vil erfare innan få år. Mykje tyder på at framtida er elektrisk. Vestland fylkeskommune fortset derfor å jobbe målretta for å styrke ladekapasiteten i heile fylket.