Søk høgare kvote på TT-kortet
Du som er godkjent brukar av TT-kort i Vestland, men har fått endra helsetilstanden etter at vedtak vart gjort, kan søkje om høgare kvote på TT-kortet.
Dette gjeld dersom du er blitt avhengig av rullestol/spesialbil eller blitt blind/sterkt svaksynt.
For å bli registrert som sterkt svaksynt må du ha ein visus på 0,33 eller lågare på begge augo. Det må dokumenterast med legeerklæring og dokumentasjon frå augelege/spesialist som du kan laste opp som vedlegg i søknaden.
Slik søkjer du
Gå til sida for eDialog for å sende inn legeerklæringa digitalt. Du kan og sende inn søknad via post til:
Vestland fylkeskommune
avd. MOK
Postboks 7900
5020 Bergen
Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av lege.
Her finn du søknadsskjema for høgare kvote.
Kvoter for 2023
- Ordinær kvote: kr 5 500
- Blinde og rullestolbrukarar: kr 45 850 (kr 7 150 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
- Elektrisk rullestolbrukarar: kr 48 050 (kr 9 350 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
- I tillegg får brukarar som bur 20 km unna næraste servicesenter (post i butikk) kr 1 100 i tillegg.
Du får halvparten av kvota på kortet den 1. januar og halvparten den 1. juli.