Info om TT-kort og kvoter for 2024

TT står for tilrettelagt transport. Det er ei ordning for menneske med nedsett funksjonsevne som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet, kan få økonomisk støtte til reiser.

Vi kan tilby tilrettelagt transport med drosje eller spesialbil. Ordninga skal ikkje erstatte eit dårleg eller manglande kollektivtilbod.

Du som ønsker TT-kort kan sende søknad om godkjenning som brukar av ordninga til Vestland fylkeskommune.

TT-kort for fritidsreiser blir prioritert blinde, sterkt svaksynte og brukarar som er avhengig av rullestol utandørs. Personar med sterkt nedsett mobilitet kan òg søkje.

Kvoter for 2024

  1. Ordinær kvote: kr 5 800
  2. Blinde og rullestolbrukarar: kr 46 240 (kr 7 540 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
  3. Elektrisk rullestolbrukarar: kr 48 560 (kr 9 860 fylkeskommunal kvote, kr 38 700 statleg kvote)
  4. I tillegg får brukarar som bur 20 km unna næraste servicesenter kr 1 160 i tillegg.

Du får halvparten av kvota på kortet 1. januar og halvparten 1. juli. Ved godkjenning som brukar i løpet av året, vert kvoten rekna frå den dato ein får vedtak om godkjenning.