Fagkompetansekrav for alle drosjeløyvehavarar

Kravet om fagkompetanse for alle løyvehavarar blei innført 1. juni 2023. Det betyr at du må bestå løyveeksamen hos Statens vegvesen før du kan søke om drosjeløyve.

Krav til fagkompetanse er oppfylt når du som søkjer om drosjeløyve har bestått løyveeksamen hos Statens vegvesen. Du som søkjer om drosjeløyve eller har drosjeløyve, vil og ha tilfredsstillande fagkompetanse viss du: 

  • hadde drosjeløyve før 1. november 2020
  • oppfyller fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
  • har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemål eller kompetansebevis utsteda av offentleg myndigheit i annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse

Har du fått utsteda drosjeløyve mellom 1. november 2020 og 1. juni 2023?

Det er ein overgangstid på eit år for løyvehavar som har fått utsteda drosjeløyve etter 1. november 2020, men før krav om fagkompetanse trådde i kraft. Det betyr at desse løyvehavarne skal oppfylle krav om fagkompetanse innan 1. juni 2024.

Løyvemyndigheiten kan forlenge fristen for å oppfylle fagkompetansekravet med opptil 6 månader dersom kapasitetshensyn eller andre særlige hensyn tilseier det.

Meir informasjon og oppmelding til løyveeksamen finn du her.