Drosjerapportering for 2022

I 2023 innførte Vestland fylkeskommune årlege rapporteringskrav for drosjeverksemder i fylket. No er tala for 2022 klare.

Vestland fylkeskommune vil nytte statistikk til å få ein betre oversikt over drosjemarknaden i Vestland, slik at vi kan vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å betre på utilfredsstillande transporttilbod. Statistikk frå marknaden skal også publiserast på nettsidene våre, og vil verte nytta til å svare ut spørsmål frå politisk hald, presse, andre offentlege etatar og liknande.

Ettersom ikkje alle drosjeverksemdene har rapportert inn tal, har vi estimert resultata. Drifts- og omsetningstal frå næringa viser at ein kan estimere at det i 2022 har vore 1597 drosjer i drift i Vestland, med ein gjennomsnittleg omsetning på kr 1 033 710. Det er estimert at det er gjennomført 2 371 638 turar, med ei totalt køyrelengde på 54 950 169 km. 60,85% av transporten er gjennomført med passasjer i bilen. 

Det er store skilnader i gjennomsnittleg køyrelengde, frå høgaste på over 60 km i Fjaler kommune til lågaste under 12 km i Kinn kommune. Ein ser også at i bynære strok er det ordinære turar som er mest vanleg, mens det i distriktet er mest vanleg med kontraktsturar (skuleskyss og pasienttransport). Innrapportert tilgjengelegheit viser at om lag 68 % av alle drosjer er tilgjengeleg for oppdrag i helgene, og om lag 36 % er tilgjengelege på nattestid. Av fordeling av drivstoff i drosjeparken i 2022 var om lag:

  • 36% diesel
  • 32% elektrisk
  • 25 % hybrid
  • 5% bensin

Under kan du sjå statistik over informasjon som er innrapportert frå drosjenæringa. Tal drosjer i drift er informasjon basert på forretningsadresse, og vil ikkje gi nøyaktig informasjon om kor drosjen faktisk køyrar. 

Trykk på pilen nede i høgre hjørne slik at den åpnes i fullskjermmodus, deretter kan du velje "tilbake til forsiden". Du kan då velje den informasjonen du sjølv vil sjå.