Reduksjon av utslepp

Vestland fylkeskommune skal jobbe for å nå FN sine klima- og berekraftsmål, for å sikre livsgrunnlaget til framtidige generasjonar.

For å lukkast skal vi jobbe for ambisiøse kutt i klimagassutslepp og klimatilpasse samfunnet for dagens og framtidas klima. Denne samfunnsendringa på vegen til nullutsleppssamfunnet inkluderer også ei berekraftig forvalting av naturressursane som ligg i fylket, meir bruk av fornybar energi og meir effektiv bruk av energi.

Fylkeskommunen arbeider i mange sektorar og innan fleire fagområde. Miljø og klima påverkar i større eller mindre grad alle desse. Fylkeskommunen har ansvaret for å samordne nasjonal og lokal politikk innanfor klima- og miljøfeltet. Dette inneber mellom anna å omsetje nasjonale klimamål til regionalt og lokalt nivå gjennom regional planlegging. Vi bidreg til ei klimavenleg utvikling av samfunnet gjennom regionale planar, rådgjeving, støtte til miljøsertifisering, løyver og andre finansieringsordningar m.m.

Tiltaksliste for kommunane

Vestland fylkeskommune har utarbeida eit førsteutkast på tiltaksliste for kommunar i Vestland. Du finn lista til høgre på sida her. Lista inneheld tiltak på vegen for nå mål om nullutslepp innan 2030, og vi ynskjer alle kommunane på lag i dette arbeidet.

Vi arbeider vidare med tiltakslista og ynskjer tilbakemeldingar på innspel, gode nettressursar og døme på kva kommunar har gjort for å redusere utslepp. Dersom du ser noko som kan passe inn på tiltakslista, kan du sende dette til ragnhild.berge.feidje@vlfk.no.

Referansebane for klimagassutslepp

Fylkeskommunen har også bestilt referansebane for klimagassutslepp i Vestland. Verktøyet er utarbeida av Asplan Viak, og alle kommunane i fylket kan bruke det i klimaarbeidet sitt.

Verktøyet er nyttig i arbeidet med kommunen sitt klimabudsjett, og referansebana viser estimert utvikling av klimagassutslepp på kommunalt nivå. Framskrivinga inkluderer nasjonale og fylkeskommunale tiltak pr. mai 2021. Det er ekskludert kommunale tiltak, men dette er mogleg å legge inn for kvar einskild kommune. Dette er for å ta høgde for lokale forhold.

Dersom kommunen din ønskjer å få tilsendt verktøyet referansebane for klimautslepp, ta kontakt med ragnhild.berge.feidje@vlfk.no.