Læringsaktivitetar i fag

Her finn du ei samling med varierte læringsaktivitetar som er tilpassa forsterka norskopplæring.

Utforsk oppgåver, praktiske øvingar og verktøy som bidreg til å styrkje det norske språket, utvide ordforrådet og gjere deg tryggare i fagformidlinga.

Fleksilæring er eit nettside for den som er lærling og for den som har opplæringsansvaret. Her finn ein enkle tekstar, ordforklaringar og oppgåver knytt til faget. Det er Oslo kommune som er drivar av nettsida. 

Meir om fleksilæring.

Temakort

Kva tyder eigentleg fagspråket i praksis? Klikk deg inn på temakortet under for å utforske viktige ord og uttrykk. Her får du drahjelp til å byggje eit ordforråd som gjer deg tryggare både i munnleg og skriftleg kommunikasjon. Kan for eksempel brukast i oppstart av eit nytt tema. 

Temakort observasjon (pdf) 

Temakort problemløysande metode i sjukepleie (pdf)

 

Undervisningsopplegg:

Undervisningopplegg til den danske filmen "hjem, kjære hjem" (pdf).

 

Rettleiing til vg3 kompetansemål i bedrift

Ressursar utvikla av tilsette ved Knarvik vgs. Dokumentet er utvikla som støtte for rettleiing i bedrift, der kompetansemåla er konkretisert for å tydeleggjere kva deltakaren skal lære. 

Dokumentet kan justerast og nyttast slik ein ynskjer.

Rettleiing til vg3 kompetansemål i bedrift (nynorsk) (docx).

Veiledning til vg3 kompetansemålene i bedrift (bokmål) (docx).