Særskild tilrettelegging av fag- /sveineprøven eller kompetanseprøven

Om du har behov for tilrettelegging under fag- eller sveineprøven/kompetanseprøven kan du søkje til fylkeskommunen om det.

Du kan lese meir om særskild tilrettelegging i § 9-62 i Opplæringsforskrifta.

 

Lærling og elev

Saman med søknaden må du legge ved ei sakkunnig vurdering. Vurderinga må seie kva type tilrettelegging du har behov for.

Søknadskjema om særskilt tilrettelegging. Den skal sendast til fylkeskommunen saman med den sakkunnige vurderinga.

Om du ikkje allereie har ei sakkunnig vurdering kan du kontakte PPT og avtale time for utgreiing. Informasjon om korleis du går fram for å få time til vurdering.

Praksiskandidat

Som praksiskandidat melder du deg opp til fag- og sveineprøve sjølv.  I den elektroniske oppmeldinga vil du få mogelegheit til å krysse av for om du treng særskilt tilrettelegging og legge ved nødvendig dokumentasjon.

Dokumentasjon

Eksempel på dokumentasjon kan vere uttale frå ein sakkunnig person, til dømes lege eller psykolog. Dersom du har lese- og skrivevanskar (eks. dysleksi), må uttalen kome frå Pedagogisk /psykologisk teneste (PPT) eller logoped (MNLL).

Dokumentasjonen skal beskrive vanskane dine og korleis desse påverkar deg under prøvesituasjonen. Grunnen til at vi ber om opplysningar om helsetilstanden din er at fylket skal gjere eigne vedtak etter gjeldande regelverk.

Vi har teieplikt.