Rettleiing planforum

Planforum skal bidra til gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteresser mellom kommunar, fylke og sektormynde.

Vestland fylkeskommune ved seksjon for plan, klima og folkehelse er sekretariat for regionalt planforum. Kommunar som ønskjer å ta aktuelle planar opp til drøfting må ta kontakt med koordinator Torbjørn Hasund.

Møtet vert normalt leia av plansjefen og har ei tidsramme på to timar. Først har kommunen 30 minutt til å presentere planen med aktuelle problemstillingar og tema. Deretter vert det opna opp for spørsmål og innspel til planen.

Kommunen vel sjølv kven som skal representera kommunen og presentera plansaka; politisk, administrativt eller konsulent.

  • Fylkesmannen i Vestland
  • Fiskeridirektoratet, Region Vest
  • Statens Vegvesen, Region Vest
  • Kystverket Vest
  • Jernbaneverket, Region Vest
  • Avinor
  • Mattilsynet
  • Bjørgvin Bispedømme
  • Statsbygg Vest
  • Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE), Region Vest
  • Forsvarsbygg
  • Direktoratet for mineralforvalting
  • Vestland fylkeskommune (samferdselsavdelinga, kultur- og idrettsavdelinga, regionalavdelinga

Fylkesmannen og fylkeskommunen deltar alltid, som regel også Statens vegvesen. Dei øvrige deltar når det er relevant og når kommunen ønskjer det.

Dei ulike etatar bør ha eit internt møte for intern samordning.

Kommunane ber om å få saker opp i regionalt planforum. Kommunen vender seg då til Vestland fylkeskommune, v/koordinator for regionalt planforum, og det vert avtalt i kva møte aktuell sak vert tatt opp. Før saker vert prioritert for vurdering i regionalt planforum skal kommunen levera utfylt skjema: «Skjema for tinging av sak til regionalt planforum».

Kommunar kan oppmodast om å leggja plansaker fram for regionalt planforum. Kommuneplanar og komplekse saker bør prioriterast for handsaming i regionalt planforum.

Fylkeskommunen prioriterer kva saker som får plass i regionalt planforum.

Innkalling til møta i regionalt planforum vert sendt ut til adresselista for planforum fredag, 11 dagar før møte. I innkallinga vert etatar som er særleg ønska oppmoda om å delta når dette er aktuelt.

Den einskilde etat og medarbeidar vurderer si deltaking ut i frå aktualitet i høve til planområde, planinnhald og eige ansvarsområde. For at fylkeskommunen skal ha oversikt over kven som kjem ber vi om tilbakemelding til koordinator innan fredagen før møtet finn stad.