Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket. Utlysinga er gjort med atterhald om politisk vedtak 10. mars.
Vi kan støtte tidsavgrensa utviklingsprosjekt som bidrar til å realisere mål og strategiar i Temaplan landbruk for Vestland fylke 2023-2027 (PDF).
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter.
Krav til prosjektet
Følgjande krav til må vere oppfylt for at søknaden skal handsamast:
- Søkjar må vere i målgruppa for ordninga, og prosjekt må bidra til å realisere mål og strategiar i Temaplan for landbruk.
- Tiltaket må vere eit klart definert utviklingsprosjekt. Det vil seie tidsavgrensa tiltak som kjem i tillegg til ordinær aktivitet. Prosjektet bør ha regional betydning. Aktivitetane kan omfatte til dømes utviklingsarbeid, klyngesamarbeid, kompetansehevingstiltak, rekrutteringsaktivitetar, metodeutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling. Vi støttar både forprosjekt og fleirårige prosjekt.
- Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at
utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid. - Prosjektet som får støtte, må tilføre noko nytt utover tiltak og prosjekt som alt eksisterer.
- Søknaden må vere innanfor maksimale støttesatsar skissert i denne utlysinga.
Tildelingskriterium
Ved vurdering og prioritering vert det lagt vekt på følgjande kriterium:
- Det blir lagt vekt på i kva grad prosjektet kan bidrar til formålet for ordninga: å styrke verdiskapinga i landbruket gjennom regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving.
- Det blir lagt vekt på kor godt prosjektet bidreg til å realisere mål og strategiar i Temaplan for landbruk.
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering, metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Det vil bli lagt vekt på at relevante partnarar er med i prosjektet, og at det blir omtala korleis prosjektet er forankra hjå dei. Prosjektet må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.
- Det må kome tydeleg fram kva mål prosjektet har og korleis prosjektet skal nå måla. Det må også kome fram kven som skal eige og vidareføre resultata frå prosjektet etter at prosjektperioden er over. Samanhengen mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli vektlagt.
- Prosjekt med regional effekt, nyskapande prosjekt, og prosjekt med overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioritert.
- Prosjekt og kurs som næringa har særskilt behov for vil bli prioritert.
Det er ei eiga utlysing innan å syne fram moglegheiter for Vestlandslandbruket. I tillegg kan det bli eiga utlysing innan andre satsingsområde som til dømes mat og drikke frå Vestland.
Kven kan søkje?
- Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret.
- Føretak som er registrerte i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling (tilretteleggande tiltak).
Kva kan vi støtte? Og kva kan vi ikkje støtte?
Vi kan støtte:
- Alle kostnader som vert støtta skal vere knytt til aktivitetane i prosjektet. Det må kome fram i søknaden kven som skal gjennomføre dei ulike aktivitetane og kva kostnadar som er knytt til aktivtetane.
Vi støttar ikkje:
- Driftskostnader i organisasjonen kan ikkje støttast dersom det ikkje er ein avgrensa del av eit definert utviklingsprosjekt.
- Tilskot eller rådgjeving som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar. Vi støttar ikkje investerings- og utviklingsprosjekt på eigen gard, eller rådgjevingstilbod til einskildbønder.
- Vi gir ikkje støtte til prosjekt utover 3 år.
- Fysiske investeringar/infrastruktur (til dømes innkjøp av utstyr).
- Aktivitet som er gjennomført før tilskot er gitt.
Finansiering av prosjekt
- Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle kan prosjekt støttast med ein høgare sats, men aldri over 75 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket.
- Anna finansiering i prosjektet kan vere midlar frå søkjar eller samarbeidspartar, eller eigeninnsats i form av timar. Eigeninnsats må følgje godkjente satsar. Vi forventar at det blir tatt kursavgift/deltakarbetaling der det er naturleg.
- Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
- Det blir ikkje gitt støtte til same prosjekt frå både Regionale tilretteleggingsmidlar, og Nasjonale tilretteleggingsmidlar. Prosjekt med nasjonal betydning bør søkje nasjonale midlar.
- Midlane skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61(1). Dette vil kunne avgrense støttegrad og tildeling.
Reglar for føring av personalkostnadar og eigeninnsats
Reglane gjeld både for løns- og personalkostnadar i kostnadsplanen, og for eigenfinansiering i form av eigeninnsats i arbeidstid.
-
Godkjent timesats er inntil 1,0 promille av nominell/brutto årsløn, men avgrensa til kr 1500 per time. Det vert godkjent inntil 1 850 timar per år. Tal timar og timesats skal vere spesifisert både i søknad og ved levering av rapport.
- Alle timar som inngår i eit prosjekt skal vere rapportert som løn.
- Nominell/brutto årsløn er regnskapsført årsløn før skattetrekk. Timesatsen inkluderer både løn og andre personalkostnader for den tilsette. Dømer på andre personalkostnader er arbeidsgjevaravgift, feriepengar, kontorkostnader, IKT-kostnader, forsikringar, pensjonskostnader og liknande. Disse kostnadene kan ikkje bli ført opp i prosjektrekneskapen i tillegg til timekostnader.
-
Timar som lønskostnader/personalkostnader i kostnadsplanen: Det kan berre førast timar for personar som jobbar med å gjennomføre aktivitetane i prosjektet, enten eigne tilsette eller tilsette frå prosjektpartnarane. Timar frå andre enn eigne tilsette eller tilsette frå prosjektpartnarane kan ikkje førast som kostnad, t.d. deltakarar på møte eller kurs. Kjøp av tenester frå eksterne aktørar kjem i tillegg.
- Timar som eigenfinansiering i form av eigeninnsats:
Eigeninnsats inkluderer dokumenterbar arbeidsinnsats frå søkjarorganisasjonen og prosjektpartnarar. Timar frå deltakarar på kurs og personar i målgrupper er ikkje rekna som eigeninnsats. Deltakaravgifter og kursavgift kan gå inn som inntekt (ikkje eigeninnsats).
Søknader skal innehalde
- Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga
- Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
- Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar i prosjekt/aktivitet der det er naturleg
- Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar
- Søknadssum
- Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
- Innhald i søknadsskjema må stå på eigne bein. Vedlegg er kun utfyllande informasjon.
Økonomiske rammer for ordninga
Vestland fylkeskommune har fått 8,99 mill. kr til regionale tilretteleggingsmidlar i 2026. I tillegg kjem eventuelle restmidlar frå ordninga.
Av ramma er det sett av 1 million kroner er sett av til søknadar frå fylkeskommunale skular og fagsenter. Det er også sett av inntil 800 000 kr. til ordninga med tilskot til inspirasjonssamlingar.