Informasjon til tilskotsmottakar
Har du mottatt tilskot frå Vestland fylkeskommune? Her har vi samla litt informasjon til dykk som har mottatt støtte til prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling.
Ved mottak av tilsegnsbrev skal de signere på at de aksepterer vilkår for tildelinga. Først etter dette er gjort kan de be om utbetaling via regionalforvaltning.
Ved endt prosjekt skal det sendast inn eit sluttrekneskapsskjema i tillegg til anmodning om utbetaling via regionalforvaltning. Vi gjer oppmerksam på at skjema ikkje vil godta copy/paste, så alle tal må skrivast inn manuelt.
Revisjonspliktige føretak skal sende inn prosjektrekneskap som er stadfesta av revisor for tilskot over kr. 200 000. For ikkje revisorpliktige føretak skal autorisert rekneskapsførar stadfeste rekneskapen for tilskot over kr. 200 000. Dersom tilskotet er over kr. 500 000. skal også desse rekneskapane vere stadfesta av revisor. Kommunar, fylkeskommunar og verksemder revidert av riksrevisjonen treng ikkje sende inn rekneskap godkjent av rekneskapsførar eller revisor på tilskot under kr. 1.000 000. For tilskot over kr. 1.000 000 skal også desse rekneskapane vere stadfesta av revisor. De finn ein veileder for revisor til høgre på denne sida.