Fosse-fest på Voss gymnas

Det er ikkje kvardagskost at ein vestlending får Nobelprisen. Dette feira Voss gymnas med Fosse-fest for både elevar og tilsette.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Søndag 10. desember skal Jon Fosse ta imot Nobelprisen i litteratur på ein storslått bankett i Stockholm. Han blir berre den fjerde nordmannen som får prisen, etter Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset. Den siste fekk prisen for nesten 100 år sidan!

På Voss gymnas har dei difor hatt Fosse-fest med fleire aktivitetar for elevane. Markeringa starta førre veke, då Haugesenteret hadde poesiverkstad på skulen. Det kom i stand som fylgje av poesikonkurransen Målblomen 2023 i regi av Voss mållag, kor elevane har konkurrert om å ha det beste diktet.

"Grotten"

Denne veka opne skulen ei utstilling, som dei har fått låne frå Nynorsk kultursentrum. Skulen innreia eit lokale med eit rikt utval av Jon Fosse sine bøker og ulike sitjegrupper. I «Grotten», som lokalet passande har blitt kalla, har elevar kunne sitje og lese, eller skrive dikt som dei kan hengje opp i tre. Utanfor «Grotten» har ein eigen Jon Fosse-figur i papp pryda området.

Kunstutstilling om Jon Fosse med ein pappfigur av forfatteren i bakgrunnen.
«GROTTEN»: Elevane på Voss gymnas blei møtt av Jon Fosse (i papp) utanfor «Grotten». Foto: Fixit UB/Voss gymnas.

Kviss og kvit dame

Torsdag arrangerte skulen Fosse-fest kor elevane fekk utdelt jakkemerke med tittelen Nokon kjem til å kome, som er produserte med løyve frå Jon Fosse sjølv, og andre merker frå mållaget. Nokon hadde kledd seg som Jon Fosse, medan tilsette var ikledde sjølvproduserte t-skjorter med teksten Eg er ein annan på brystet.

Ingen fest er komplett utan kviss og kvit dame, og Fosse-festen var ikkje noko unntak. I tillegg blei vinnarane av poesikonkurransen kåra.

Kake med teksten "nynorsk" dekorert på.
KVIT DAME: Ingen fest utan kake. Foto: Fixit UB/Voss gymnas.

Løfte fram nynorsken

Det har ikkje berre vore fest i forbindelse med nobelprisutdelinga. Denne hausten har skulen jobba med å løfte fram nynorsken. Dei fleste klassane på skulen har lese eit eller fleire verk av Jon Fosse, og skulen har hatt som mål at alle elevar på Voss gymnas skal kjenne til Jon Fosse.

Ein skål med fleire jakkemerker.
NOKON KJEM TIL Å KOME: Elevane fekk utdelt jakkemerke med nynorsktema. Foto: Fixit UB/Voss gymnas.