Vestland fylkeskommune er Årets nynorskkommune 2022

Prisen Årets nynorskkommune 2022 vart delt ut av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i dag. Mottakar var Vestland fylkeskommune og fylkesordførar Jon Askeland.

fylkesordførar jon askeland mottek prisen frå kulturministaren.
NYNORSK: Fylkesordførar Jon Askeland tok imot prisen på 200 000 kr frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Foto: Isak Ramsvik, Språkrådet.

– Dette er ein viktig pris, som anerkjenner den nye fylkeskommunen si rolle og innsats på språk og identitetsfeltet! Det gjer seg ikkje sjølv at nynorsken skal halde fram som eit levande bruksspråk. Som eit stort nynorskfylke har vi eit stort ansvar, og det ansvaret tek vi. Då er det ekstra kjekt at det blir lagt merke til, seier fylkesordførar Jon Askeland, som tok imot prisen på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober.

Prisen Årets nynorskkommune blir delt ut av Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet annakvart år. Med prisen følgjer det 200 000 kroner.

Godt arbeid med språklova

Juryen har særleg merka seg det grundige og systematiske arbeidet fylkeskommunen har gjort med å gjere den nye språklova kjend for dei tilsette, slik at dei har kompetanse og høve til å følgje ho opp. Blant anna fekk alle tilsette Vestland fylkeskommune i vår tilsendt eit lynlæringskurs om den nye språklova på e-post. Kurset var laga av Språkrådet.

I tillegg blir den nye regionale planen for kultur, idrett og frivilligheit trekt fram i grunngjevinga, og rolla nynorsken har som kulturberar i planen.

– Vestland er kjerneområde for nynorsk. I planen, som no er på høyring, slår vi fast at vi må styrke utviklinga av markante nynorskarenaer og stimulere til nynorsk språkbruk og forteljarverksemd i heile fylket. Å sikra nynorsk som språk i offentlegheita krev bevisst innsats frå offentlege institusjonar, organisasjonar og næringsliv, seier Askeland.

Nynorskfylket Vestland

Vestland fylkeskommune har i tillegg engasjert seg for nynorsken i ulike forum og arenaer. Fylkeskommunen står blant anna bak dei nynorske turbiblioteka i dagsturhyttene, den nasjonale nynorsksatsinga Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken og Nynorskfylket Vestland.

Nettverket skal fremje nynorsk språkidentitet og klarspråk og løfte nynorsk som daglegspråk, i digitalisering, kunst, opplæring og arbeids- og næringsliv. Over 20 frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar er med.

– Utfordringa er gjerne å få med næringslivet, noko eg trur er vesentleg for nynorsken sin status som bruks- og kvardagsspråk. Nynorsk kan ikkje vere berre noko vi møter i kunsten og litteraturen, i klasserom, brev frå det offentlege og politiske sakspapir. Eg trur eksponering er eit stikkord for nynorskframtida. Vi må møte nynorske tekstar på bussen, skulen, sjukehuset, butikken, helsesenteret, i aviser, filmar og tv-seriar. Hytter på Voss, Sparebanken Sogn og Fjordane, BULA, Lerum og Skyss viser at det går fint å driva nynorsk handel, seier fylkesordføraren.

Fire andre nominerte

Det er ti år sidan ein fylkeskommune sist vart årets nynorskkommune. Då gjekk prisen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei andre nominerte i år var Kvam herad, Bergen kommune, Stad kommune og Vinje kommune.

Juryen såg i år ekstra positivt på kommunar og fylkeskommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

Grunngjevinga til juryen

Prisvinnaren er best i si klasse og har nytta dei verkemidla kommunen rår over. Kommunen har teke val som har gjort nynorsk synleg i det offentlege rommet, også når det har vore upopulært. I ny kulturplan er nynorsken drøfta og gitt ei relevant rolle som kulturberar. Vinnaren har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at tilsette kjenner språklova, og at dei har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei syner strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen.

Juryen vil heidre vinnarkommunen for det grundige og gjennomtenkte arbeidet med nynorsk på alle samfunnsområde. Prisvinnaren er heil ved.

Vestland fylkeskommune er årets nynorskkommune i 2022.

Desse har sete i juryen for Årets nynorskkommune:

  • Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet (juryleiar)
  • Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag
  • Svein Olav Langåker, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
  • Ole John Østenstad, rådgjevar i Sunnfjord kommune
  • Gaute Øvereng, administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum