Knutepunkt for kunnskap
Knutepunkt for kunnskap er eit prosjekt der dagsturhyttene i heile fylket vert utvikla som levande møteplassar for kunnskapsdeling om kulturhistoriske landskap. Det er informasjonsskilt med ein QR-kode ved kvar dagsturhytte. Denne gir tilgang til ein digital kunnskapsbank, der du kan lese om kulturlandskapet kring nettopp den hytta du besøker. Du får vite kven som levde her, korleis dei brukte landet, og kvifor dette landskapet er verdt å ta vare på.