Sjøbua - knutepunkt for kunnskap

Namnet Byngja tyder mest sannsynleg ein bukta figur, og det høver godt når me ser forma på landskapet. Vatnet ein går forbi frå parkeringsplassen vert kalla Pollen, og er i dag brakkvatn då det er ei demning mellom vatnet og sjøen. Tidlegare kunne ein koma inn til Pollen gjennom eit trongt sund. Pollen, som då var ein våg, hadde namnet Nordre Byngjevågen, medan vågen som går inn til badeplassen er Søre Byngjevågen.

Fiskarbondens landskap 

Byngja høyrer til utmarka til garden Nedre Kvalheim. Området består av gamal kystlynghei, men Nordre Byngja er planta med gran. Kystlyngheia er eit eldgamalt kulturlandskap forma gjennom fleire tusen år med sviing og beiting.  

Det opphavlege lyngheilandskapet i Nordhordland dekte eit om lag 25 kilometer breitt belte frå Øygarden og Fedje i vest til furuskogen på Lindåshalvøya i aust. I heile dette beltet er vintrane så milde og snøfattige at sauene kunne gå ute på beite i lyngheiane året rundt. Tida som vart spart ved å sleppa fôrsanking og hushald for dyra, kunne nyttast til fiske.

Fiske har til alle tider vore ei viktig attåtnæring for bøndene på Radøy. Dei fiska både langs kysten heime og dreiv med sesongfiske ute i Øygarden, der mange hadde såkalla fjæremannshus der dei overnatta medan dei var på fiske.

Seinare vart fisket meir organisert, og bøndene etablerte notlag med felles nothus og notbåt. På Kvalheim gjekk elleve bønder saman og etablerte notlag med nothus i Byngja. Bygget er vist på utskiftingskartet frå 1860, og er såleis sett opp før den tid. Dette bygget ser me restane etter litt sør for dagsturhytta. Nothuset vart sist brukt kring 1950, og falt saman midt på 1980-talet. På veg utover til dagsturhytta ser me ein låg mur over til ein holme. Dette kan vera ein såkalla kastegard, som vart bygd for å letta arbeidet med å sperra inne fiskestimar med not. Denne kastegarden kan vera langt eldre enn nothuset.

Hjeltefjorden

Det var ikkje berre når ein skulle på fiske at ein måtte ta seg over Hjeltefjorden. Det var først i 1875 at folk i Øygarden (dvs. gamle Øygarden kommune) fekk si eiga kyrkja på Hjelme og eigen gravplass. Fram til det hadde dei måtta ro til Bø, eller eventuelt til Manger, for å koma til kyrkja – til dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd. Å ro frå Øygarden til Manger over Hjeltefjorden var ei strabasiøs og farefull ferd som tok mange timar kvar veg.