Naustdalskamben - Knutepunkt for kunnskap
Frå dagsturhytta på Naustdalskammen har du vidt utsyn utover eit kulturlandskap med stort tidsdjup. Ved å nytte dei lokale naturresursane har menneske kunna livnære seg her frå førhistorisk tid og fram til i dag. Landskapet er eit resultat av langvarig samspel mellom natur og menneske.
Gardane låg tidlegare samla i store fellestun, der innmarka var delt i mange små jordstykke. Etter utskiftingane rundt førre hundreårsskifte vart jorda samla rundt tuna til dei einskilde bruka. Dette gav større, samanhengande jordbruksareal – ein landskapsstruktur som framleis er tydeleg og lett å sjå frå dagsturhytta.
Jordbruket på Vestlandet var tradisjonelt organisert i ein vertikal driftsstruktur. Ved fjorden låg nausta og båtar, medan gardstuna med åkrar og slåttemark ofte låg lenger oppe. Utmarka i fjellet var avgjerande for livsgrunnlaget, særleg gjennom stølsdrift. Om sommaren vart dyra flytta til stølane etter kvart som beita vart klare. Nord for dagsturhytta ligg fleire gamle stølar, mellom anna Holesætra, Nygardssætra, Sjøasætrane og Remmesætra.
Les meir på Kringom
På Kringom finn du eit rikt arkiv av artiklar og historier om kulturmiljø, landskap og lokalhistorie frå heile Vestland. Her kan du dykke djupare inn i historia bak landskapet du nettopp har vandrat gjennom – kven som rydda marka, kva gardar som låg her, og korleis kystfolket og fjellfolket levde liva sine.
Kringom er staden der kunnskap om nærområdet ditt er samla og gjort tilgjengeleg for alle anten du er nysgjerrig turgåar, ivrig lokalhistorikar eller berre vil vite meir om staden du kjem frå.
- Bauta over Stårheimsætta. Bauta over Stårheimsætta | Kringom
- Minnestein over Mathias og Marie Orheim. Minnestein over Matias og Marie Orheim | Kringom
- Stårheim kyrkje Stårheim kyrkje | Kringom
- Løken – frå skrivargard til kultursenter. Anders Gjerde Løken - frå skrivargard til kultursenter | Kringom
- Gardsfjøs på Mannset Gardfjøs på Mannset | Kringom